Greta Garbo

svensk skodespelar

Greta Garbo (fødd Greta Lovisa Gustafsson, 18. september 190515. april 1990) var ein svensk skodespelar. Ho vart nominert til Oscar for beste kvinnelege hovudrolle fire gonger og vart løna med ein æres-Oscar i 1955. Garbo er kjend som ein av dei mest myteomspunne personane i filmhistoria. Ho var kjend for sin karisma, klassiske venleik og gåtefullheit. I 1999 vart ho kåra til tidenes femte største kvinnelege filmlegende av Det amerikanske filminstituttet.

Greta Garbo

Fødd18. september 1905
FødestadKatarina församling
Død15. april 1990 (84 år)
DødsstadNew York by
FødenamnGreta Lovisa Gustafsson
Aktive år1920–1941
Verka somskodespelar, filmskodespelar, teaterskodespelar
MorAnna Lovisa Johansdotter
FarKarl Alfred Gustafsson
PrisarÆres-Oscar, kommandør av Nordstjerneordenen, stjerne på Hollywood Walk of Fame, Litteris et Artibus, Illis quorum

Før gjennombrotet

Greta Gustafsson voks opp i enkle kår i ein av dei fattigaste bydelane i Stockholm. Faren døydde då ho var fjorten år, og ho måtte tidleg tena til livsopphald. Ho byrja å jobba i ein frisørsalong, seinare vart ho ekspeditrise i eit varemagasin. Den store draumen hennar var å bli skodespelar, og mot alle odds kom ho gjennom nålauget under ei opptaksprøve på Dramaten, og mellom 1922 og 1924 studerte ho ved Dramatens elevskola i Stockholm. Her vart dei særeigne talenta hennar snart oppdaga av den svenske stjerneregissøren Mauritz Stiller, som gav henne kunstnarnamnet Greta Garbo. Han sørgde for at ho som 18-åring debuterte i ei filmatisering av Gösta Berlings Saga. Deretter fekk ho hovudrolla i to svenske spelefilmar og éin tysk. Stiller overtydde henne likevel om at framtida hennar var i USA, og med han som manager og nær venn drog dei i 1925 saman til Hollywood. Dette vart starten på ein eksepsjonell filmkarriere.

Hollywoodårene

Garbo rundt 1930.
Foto: Ruth Harriet Louise

I USA skaffa Stiller henne kontrakt med filmselskapet Metro-Goldwyn-Mayer. Det internasjonale gjennombrotet kom med Eros (1926) som umiddelbart gjorde ho til ein av dei største stjernene innan stumfilm. Det tette tilhøvet til Stiller kjølna likevel i takt med det stigande ryet til Garbo. Han reiste attende til Sverige i 1928, der han døydde kort tid etter. Dette skal ha gått svært hardt inn på Garbo, som likevel valde å halda fram filmkarrieren. I motsetnad til mange stumfilmstjerner, heldt ho på stjernestatusen då lydfilmen overtok. Trass den mørke, monotone stemmen sin og den gebrokne engelsken, fascinerte ho no kan hende i endå sterkare grad publikum heilt frå den første talefilmen sin, Anna Christie i 1930. Suksessen vart følgd opp med rollen som spion i Mata Hari (1931), og dessutan Grand Hotel (1932) der ho spelte ei dansarinne.

Fram til ho døydde i 1990 levde Garbo heilt tilbaketrekt i ei luksusleilegheit i New York. Ho gifta aldri seg og fekk ingen barn. Garbo vart nominert til Oscar for beste kvinnelege hovudrolle fire gonger. Ho mottok ein æres-Oscar i 1955, men var ikkje sjølv tilstades ved utdelinga. Garbo har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame. I 1999 vart ho kåra til den femte største kvinnelege filmlegenda gjennom tidene av Det amerikanske filminstituttet.[1]

Portrett av Arnold Genthe (1925).

Filmografi

Stumfilmer
ÅrTittelRolleRegissørMotspelarMerknad
1920Herrskapet Stockholm ute på inköpEldre søsterReklamefilm. Garbo sitt segment[2] er ofte kjend som «korleis ein ikkje skal kle seg». Reklamen hadde premiere 12. desember 1920.[3]

[4]

1921En lyckoriddareStatistIkkje kreditert. Filmen er tapt.
Konsum Stockholm PromoCompanionReklamefilm.[4]
1922Luffar-PetterGretaKomedie på to filmrullar.[4] Den fyrste rolla til Garbo i ein kommersiell film.
1924Gösta Berlings SagaElizabeth DohnaStiller, MauritzMauritz StillerHanson, LarsLars HansonDen fyrste hovudrolla til Garbo i ein spelefilm, regissert av mentoren hennar, Mauritz Stiller.
1925Bak gledens maskeGreta RumfortPabst, Georg WilhelmGeorg Wilhelm PabstNielsen, AstaAsta NielsenGarbo speler hovudrolla i denne tyske filmen regissert Georg Wilhelm Pabst.
1926Alt undtagen kjærlighetLeonora Moreno
også kjent som La Brunna
Bell, MontaMonta BellCortez, RicardoRicardo CortezDen fyrste filmen ti Garbo i USA. Alle dei etterfølgjande filmane hennar er lag i Hollywood og produsert av MGM.
FristerinnenElenaNiblo, FredFred NibloMoreno, AntonioAntonio MorenoStiller var opphavleg tiltenkt regien av denne filmen, men måten hans å regissera på førte til konfliktar i høve til MGM-produsenten Irving Thalberg, som sparka han.
ErosFelicitasBrown, ClarenceClarence BrownGilbert, JohnJohn GilbertDen fyrste av sjua filmar regisserte av Clarence Brown som Garbo spelte i, og den fyrste av fire filmar med John Gilbert som motspelar.
1927Anna KareninaAnna KareninaGoulding, EdmundEdmund GouldingGilbert, JohnJohn GilbertEtter Tolstoj sin roman Anna Karenina.
1928En guddommelig kvinneMarianneSeastrom, VictorVictor SeastromHanson, LarsLars HansonFilmen er tapt, berre 9 minutt av han er att.
Den mystiske kvinnenTania FedorovaNiblo, FredFred NibloNagel, ConradConrad Nagel
Den grønne hattDiana Merrick FurnessBrown, ClarenceClarence BrownGilbert, JohnJohn GilbertDen fyrste av sju Garbo-filmar der ho spilte mot Lewis Stone som, med unntak av Ville orkidéer, spelte biroller.
1929Ville orkidéerLillie SterlingFranklin, SidneySidney FranklinAsther, NilsNils Asther
A Man's ManSeg sjølvCruze, JamesJames CruzeHaines, WilliamWilliam HainesGarbo og John Gilbert opptrer i gjesteroller. Tapt film.
Den nye moralArden Stuart HewlettRobertson, John S.John S. RobertsonAsther, NilsNils Asther,
Brown, John MackJohn Mack Brown
KyssetIrene GuarryFeyder, JacquesJacques FeyderNagel, ConradConrad NagelGarbos og MGMs siste stumfilm.
Lydfilmar
ÅrTittelRolleRegissørMotspelarMerknad
1930Anna ChristieAnna ChristieBrown, ClarenceClarence BrownBickford, CharlesCharles Bickford,
Dressler, MarieMarie Dressler
Den fyrste talefilmen til Garbo, og den fyrste nominasjonen hennar til Oscar for beste kvinnelege hovudrolle.
Ditt navn er kjærlighetMadame Rita CavalliniBrown, ClarenceClarence BrownGordon, GavinGavin GordonNominert—Oscar for beste kvinnelige hovedrolle
Anna ChristieAnna ChristieFeyder, JacquesJacques FeyderJunkermann, HansHans Junkermann,
Viertel, SalkaSalka Viertel
MGM sin tyske versjon av Anna Christie som kom ut i 1930. Salka Viertel, ein nær venn av Garbo, var seinare medforfattar av fleire av hennar filmmanus.
1931InspirasjonYvonne ValbretBrown, ClarenceClarence BrownMontgomery, RobertRobert Montgomery
Susan Lenox (Her Fall and Rise)Susan LenoxLeonard, Robert Z.Robert Z. LeonardGable, ClarkClark Gable
Mata HariMata HariFitzmaurice, GeorgeGeorge FitzmauriceNovarro, RamonRamon NovarroEtter den stjernespekka Grand Hotel, var dette den av Garbo sine filmar som spelte inn mest pengar.
1932Grand HotelGrusinskayaGoulding, EdmundEdmund GouldingBarrymore, JohnJohn Barrymore,
Barrymore, LionelLionel Barrymore,
Crawford, JoanJoan Crawford,
Beery, WallaceWallace Beery
Oscar for beste film
Som du vil ha megZara alias MarieFitzmaurice, GeorgeGeorge FitzmauriceDouglas, MelvynMelvyn Douglas,
Stroheim, Erich vonErich von Stroheim
Den fyrste av tre filmar med Douglas.
1933Dronning ChristinaDronning ChristinaMamoulian, RoubenRouben MamoulianGilbert, JohnJohn Gilbert
1934Det brokete slørKatrin Koerber FaneBoleslavski, RichardRichard BoleslavskiBrent, GeorgeGeorge Brent
1935Anna KareninaAnna KareninaBrown, ClarenceClarence BrownMarch, FredricFredric MarchNew York Film Critics Circle-prisen for beste kvinnelege hovudrolle
1936KameliadamenMarguerite GautierCukor, GeorgeGeorge CukorTaylor, RobertRobert Taylor
  • New York Film Critics Circle-prisen for beste kvinnelege hovudrolle
  • National Board of Review-prisen for beste skodespelar
  • Nominert—Oscar for beste kvinnelege hovudrolle
1937Maria WalewskaGrevinne Maria WalewskaBrown, ClarenceClarence BrownBoyer, CharlesCharles BoyerPå grunn av totalkostnaden på denne ekstragagante produksjonen, som gjekk over budsjettet, kombinert med den dårlege mottakinga på kino, tapte denne filmen 1 397 000 US-dollar.
1939NinotchkaNina Ivanovna «Ninotchka» YakushovaLubitsch, ErnstErnst LubitschDouglas, MelvynMelvyn Douglas
  • National Board of Review-prisen for beste skodespelar
  • Nominert—Oscar for beste kvinnelege hovudrolle
  • Nominert—New York Film Critics Circle-prisen for beste kvinnelege hovudrolle
1941Den lettsindige tvillingKarin Borg BlakeCukor, GeorgeGeorge CukorDouglas, MelvynMelvyn DouglasNational Board of Review-prisen for beste skodespelar

Kjelder

Bakgrunnsstoff