Saul Perlmutter
Saul Perlmutter (fødd 22. september 1959) i Campaign County i Illinois er ein amerikansk astrofysikar ved Lawrence Berkeley National Laboratory. Han er kjend for å ha leia Supernova Cosmology Project, eitt av de to forskarlaga som i 1998 samtidig fann belegg for at ekspansjonen til universet synes å akselerere.[1] Denne oppdaginga gav opphav til hypotesen om mørk energi. I 2011 vart Perlmutter tildelt Nobelprisen i fysikk for oppdaginga av akselerasjonen til det ekspanderande universet gjennom observasjonar av fjerne supernovaer.[2] Perlmutter vart tildelt halvparten av prisen, medan Adam Riess og Brian Schmidt delte den andre halvparten.Perlmutter studerte ved Harvard University der han avla eksamen i 1981. Han har ein filosofisk doktorgrad frå University of California (1986) og er medlem i American Academy of Arts and Sciences.