Somali

Somali er eit afroasiatisk språk av den austkusjitiske undergruppa som vert tala i Somalia og i nærliggjande område i Djibouti, Etiopia og Kenya. Borgarkrig og utvandring har ført til at brukarar av språket no finst over heile verda.

Somalisk
af Soomaali
KlassifiseringAfroasiatiske språk
Kusjittisk
Austkusjittisk
Bruk
Tala iSomalia, Etiopia, Djibouti, Kenya
OmrådeAustafrika
Somalisktalande i alt15–25 miljoner
RangeringAfrikas tredje største språk, etter arabisk og hausa
SkriftsystemDet latinske alfabetet
Offisiell status
Offisielt språk iSomalia
Normert avIngen offisielle organ
Språkkodar
ISO 639-1so
ISO 639-2som
ISO 639-3som
Wikipedia på somalisk

Somalisk er nærast i slekt med oromo og afar. Gjennom islam har somali fått ein del lånord frå arabisk, hovudsakleg innanfor det religiøse vokabularet. Det finst òg lånord frå engelsk og italiensk. Jamført med andre kusjittiske språk er somalisk relatativt godt vitskapleg skildra.

Dialektar

Saeed 1999 deler inn dei somaliske dialektane i tre grupper: nordleg, benaadir og maay. Nordleg somalisk (eller nordleg-sentral somalisk) kan haldast for å vere standardsomalisk, og det er den som blir brukt i til dømes radiosendningar frå somaliske radiostasjonar.

Benaadirsomaliske dialektar blir også kalla kystsomalisk, i og med at dei blir snakka langs Banaadirkysten, frå Cadale til sør for Baraawe, inklusive Mogadishu. Det finst fleire fonem i kystdialektane enn i standardsomalisk.

I det sørlege Somalia bur folkegruppene digil og mirifle (som også blir kalla rahanwayn). Dei språkvariantane som desse gruppene talar kan etter nyare studiar (Diriye Abdullahi, 2000) ikkje forståast av mange talarar av somalisk. Den viktigaste dialekten for desse folkegruppene er maay, men her finst til og med jiido, dabare, garre og sentral tunni. Den dialekten som er vanskelegast å forstå for talarar av standardsomalisk er jiido. Maaydialektane skil seg frå dei øvrige dialektgruppene er at dei saknar faryngale fonem. Dessutan blir det retroflekse /ɖ/ erstatta av /r/ i vissa posisjonar.

Fonologi

Skildring av standardsomalisk.

Somalisk har 22 konsonantfonem, 20 enkle vokalfonem og 20 diftongar. Vokalane har kontrastiv vokallengd, og språket har vokalharmoni. Somalisk har eit ordtonesystem av same type som tonelag i norsk.

Konsonantar

Standardsomalisk har 22 konsonantfonem.

Somaliske konsonantar
 BilabialLabio
dental
DentalAlveolarPalato
alveolar
RetrofleksPalatalVelarUvularFaryngalGlottal
Lukkelyd b  td     ɖ  kg ɢ  ʔ 
Nasal m     n              
Frikativ  f   s ʃ       χ ħʕh 
Affrikat                     
Tremulant       r              
Approksimant w           j        
Lateral       l              

/ɖ/ er ein stemd retrofleks lukkelyd. Visse fonetikarar hevdar at i det minste for vissa talarar er han implosiv. Lyden kan også no og då realiseras som flappen [ɾ] i intervokalisk posisjon, det vil seie mellan to vokalar.

Dei ustemde lukkelydane /t/ og /k/ blir alltid realiserte med aspirason, altsåsom [t̪ʰ] og [kʰ] (som på norsk).

Den uvulare frikativen /χ/ blir ofte uttalt som [x], altså dom ein ustemd velar frikativ. Dette fonemet finst berre i lånord frå arabisk. Om orda blir noko meir tilpassa somalisk fonologi, blir lyden erstatta med lukkelyden /ɢ/.

Den stemde laryngale frikativen /ʕ/ kan uttalast med knirkestemme.

/r/ blir ofte uttalt med luftfylt stemme og kan vara delvis avtonat. Mellom vokalar kan fonemet uttalast som eitt enkelt slag.

Vokalar

Somalisk har tjue enkle vokalar (monoftongar). Fem grundleggande former kan delast inn i i fremre og bakre former. Desse ti formene finst deretter som lange og korte, slik at ein totalt får tjue fonem. Vokalkvaliteten blir ikkje påverka i noka høgare grad av skilnadar i vokallengde (igjen som på norsk).

Somaliske monoftongar
 Kort fremreLang fremreKort bakreLang bakre
Lukka fremre urunda /
Halvlukka halvframre urunda
iɪɪː
Mellomlukka fremre urunda /
Mellomopen fremre urunda
eɛɛː
Halvopen fremre urunda /
Open bakre urunda
ææːɑɑː
Mellomopen midtre runda /
Mellomopen bakre runda
ɞɞːɔɔː
Lukka midtre runda /
Lukka bakre runda
ʉʉːu

På same måte kan dei fem grundleggjande diftongformane finnast i bakre og fremre versjoner og i lange og korte med omsyn til førstedelen av diftongen. Eit unntak er /ɞi/, som ein ikkje har funne i nokon bakre versjon.

Somaliske diftongar
Kort fremreLang fremreKort bakreLang bakre
æiæːiɑɪɑːɪ
æʉæːʉɑuɑːu
eieːiɛɪɛːɪ
ɞiɞːiɔɪɔːɪ
ɞʉɞːʉɔuɔːu

Tone

Tone kan bli markert i skriftpråket på denne måten:

  • akutt aksent ´ - høgtone
  • grav aksent ` - lågtone
  • sirkumfleks ^ - fallande tone

Tonar på långa vokalar blir markert på dey første vokalsymbolet.

Somalisk brukar ordtone for å gjere grammatiska distinktioner, men ikkje for leksikalske distinksjonar. På den måten kan singular og plural, eller maskulinum og femininum skiljast frå kvarandre med hjelp av ordtone. T.d.: ínan («gut») og inán («jente»). Dette kan ved første augnekast sjå ut som ein leksikalsk skilnad, men det utgjer ein del av eit mønster for å skilje maskulinum og femininum frå kvarandre, jfr. ord som daméer («eselhingst») og dameér («eselhoppe»).

Tonen si rolle i somalisk har vore omdiskutert i lang tid. No ser det ut til at det har vorte konsensus om følgjande:

I somalisk er det moraen som ber tonen, ikkje sjølve vokalen. Ein lang vokal eller ein diftong består av 2 mora og kan dermed bere to tonar. Kvar mora blir definert som berar av høg- eller lågtone. I kvart einskild ord kan berre ein høg tone opptre, og denne må liggje på den siste eller nestsiste moraen. Partiklar, dvs. preposisjonar, klitiske pronomen, upersonlete subjektpronomen og fokusmarkørar, kan ikkje ha høgtone. Dermed finst det tre moglege aksentmønster i ordrøter.

Fonetisk finst det tre tonar: høg, låg og fallande. Reglar:

  1. På ein lang vokal eller ein diftong realiserast ein sekvens av høg og låg som en fallande tone.
  2. På ein lang vokal eller ein diftong realiserast ein sekvens av låg og høg som høg-høg (tidvis stigande).

Slik bruk av tone kan kallast ordaksent.

Betoning er nært knytt til ordtone. Den høge tonen tar hovudsakleg betoning, fallande sekundær betoning og låg tone.

Kjelder