Tsjola

Tsjola var eit tamilsk rike som herska over sørlege delar av India og Sri Lanka og på sitt største påverka eit stort område i Søraust-Asia.Riket blei skipa rundt 300-talet f.Kr. Tsjolariket hadde stordomstida si frå siste halvdel av 800-talet til byrjinga av 1200-talet. Det forsvann seinare på 1200-talet, då det blei nedkjempa av Pandyariket.

சோழர்
Tsjolariket
300-talet f.Kr.–1279

Flagget til Tsjola

Flagg

Plasseringa til Tsjola
Plasseringa til Tsjola
HovudstadPoompuhar, Urayur, Tiruvarur

Pazhaiyaarai, Thanjavur


Gangaikonda Cholapuram

SpråkTamil
ReligionHinduisme, buddhisme.
StyreformMonarki
Historisk periodeMellomalderen
 - Oppretta300-talet f.Kr.
 - Opphøyrde1279

Riket hadde utspring i den fruktbare elvedalen ved Kaveri. Karikala Tsjola var den best kjende av dei tidlege tsjolakongane, mens Radjaradja Tsjola, Radjendra Tsjola og Kulothunga Tsjola I var viktige seinare herskarar.

Tjsola-veggmåleri ved Brihadisjvara-tempelet i Thanjavur.

Riket var på høgden av makta si på 900- og 1000-talet. Under Radjaradja Tsjola I, med tilnamnet «den store», og sonen hans Radjendra Tsjola toppa riket seg som ei militær, økonomisk og kulturell makt i Asia. Tsjolaterritoria strekte seg frå Maldivane og Sri Lanka i sør, og så langt nord som til breiddene av Ganges i Bengal. Riket blei ei stor sjømakt som også erobra land ved Malabarkysten, Peguriket i dagens Burma og delar av Srividjaya i Indonesia og Malaysia. Elles hadde riket handelssamband og innverknad rundt store delar av Bengalbukta.

Under Tsjolariket nådde tamilsk kultur eit høgdepunkt innan kunst, musikk og litteratur. Tsjolaherskarane fortsette utviklinga som hadde byrja under Pallavariket. Dei bygde majestetiske tempel og støtta utviklinga av fin skulptur i stein og bronse. Til forskjell frå Pandya og Pallavaherskarar lét dei seg ikkje lokka av buddhisme eller djainisme, men heldt seg til hinduismen. Radjaradja Tsjola reiste eit storslått Sjiva-tempel, Brihadisjvara-tempelet i Thanjavur, som både var det høgaste indiske tempelet reist til då og som er rekna som eit høgdepunkt innan sørindisk byggekunst. Dette tempelet, Gangaikondacholisvaram- og Airavatesvara-tempelet ved Darasuram er alle verdsarvstader som framleis er i bruk som levande tempel.[1]

Opphav

Ei tidleg sølvmynt som viser Uttama Tsjola, funnen på Sri Lanka, visar tigeremblemet til tsjolaene.[2]

Det finst få autentiske skriftlege kjelder om tidleg tsjolahistorie. Moderne historikarar har fått mykje kunnskap om emnet frå ulike kjelder, som den gamle tamilsk sangamlitteraturen, munnlege overleveringar, religiøse tekstar og innskrifter i tempel og på koparplater. Den viktigaste kjelda om tidleg tsjolatid er den eldste tamilske litteraturen frå sangamtida frå rundt år 150.[3] Det finst også korte omtalar av Tsjolalandet med byar, hamner og handel i Periplus Maris Erythraei, eit verk av ein anonym kjøpman frå Alexandria skriven under Domitianus si herskartid (81–96 e.Kr.).[4] Rundt femti år seinare gav geografen Ptolemaios ei vidare skildring av Tsjolalandet, hamne- og innlandsbyane. Den buddhistiske teksten Mahavamsa fortel om ei rekkje konfliktar mellom innbyggjarar på Sri Lanka og tamilske invandrarar.[5] Tsjola er omtalte i innskrifter på Asjoka-søylene (utført 273-232 f.Kr.), der dei er omtalte blant dei kongarika som, sjølv om dei ikkje var underkasta Asjoka, var vennlegsinna mot han[6]

Det finst ingen utvitydige opplysingar om opphavet til ordet Tsjola.[7] Omtalar i tidleg sangamlitteratur. Parimelalagar, som skreiv en kommentar til det Tirukkural, nemner at det kunne vera eit namn på ein gammal klan. Den vanlegaste oppfattinga er at dette, som Tsjera og Pandya, er namnet på herskarfamilien eller klanen av urgammalt opphav.[8]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Tsjola
Denne historieartikkelen som har med India å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.