Alfa Centauri
Alfa Centauri er det næraste stjernesystemet til solsystemet og det lysaste på nattehimmelen (ikkje synleg ifrå den nordlege himmelhalvkula). Det ligg i stjernebiletet Kentauren ved ein avstand på 4,37 lysår (omtrent 41,5 billionar kilometer eller 277 600 AE) og er sett saman av dei tre stjernene Proxima Centauri, Centauri A og Centauri B og eksoplaneten Alfa Centauri Bb, den næraste kjende eksoplaneten.
Observasjonsdata Epoke J2000.0 Ekvinoks J2000.0 | |
---|---|
Stjernebilete | Kentauren |
Alfa Centauri A | |
Rektascensjon | 14h 39m 36.4951s |
Deklinasjon | –60° 50′ 02.308″ |
Tilsynelatande storleiksklasse (V) | −0.01 |
Alfa Centauri B | |
Rektascensjon | 14h 39m 35.0803s |
Deklinasjon | –60° 50′ 13.761″ |
Tilsynelatande storleiksklasse (V) | +1.33 |
Karakteristikk | |
Spektralklasse | G2 V[3][4] |
U−B fargeindeks | +0.23 |
B−V fargeindeks | +0.69 |
Karakteristikk | |
Spektralklasse | K1 V[3][4] |
U−B fargeindeks | +0.63 |
B−V fargeindeks | +0.90 |
Astrometri | |
Eigarørsle (μ) | RA: −3678.19 mas/år Dek.: 481.84 mas/år |
Parallakse (π) | 747.1 ± 1.2[5] mas |
Avstand | 4,366 ± 0,007 ly (1,339 ± 0,002 pc) |
Absolutt storleiksklasse (MV) | 4.38 / 5.71 |
Detaljar | |
Alfa Centauri A | |
Masse | 1.100[6] M☉ |
Radius | 1.227[6] R☉ |
Luminositet | 1.519[6] L☉ |
Overflategravitasjon (log g) | 4.30[7]</ref> cgs |
Temperatur | 5790[6] K |
Metallisitet | 151%[6] sol |
Rotasjon | ~22.5 ± 5.9 dagar[8] |
Alder | 6 ± 1 mrd. år |
Alfa Centauri B | |
Masse | 0.907[6] M☉ |
Radius | 0.865[6] R☉ |
Luminositet | 0.500[6] L☉ |
Overflategravitasjon (log g) | 4.37[7] cgs |
Temperatur | 5260[6] K |
Metallisitet | 160%[6] sol |
Rotasjon | 47 days |
Bane[9] | |
Følgje | Alfa Centauri AB |
Omlaupstid (P) | 79.91 ± 0.011 år |
Store halvakse (a) | 17.57 ± 0.022" |
Eksentrisitet (e) | 0.5179 ± 0.00076 |
Inklinasjon (i) | 79.205 ± 0.041° |
Lengda til oppstigande knute (Ω) | 204.85 ± 0.084° |
Perihel epoke (T) | 1875.66 ± 0.012 |
Perihelargument (ω) (sekundær) | 231.65 ± 0.076° |
Andre namn | |
Databasereferanse | |
SIMBAD | data |
Exoplanetarkiv | data |
ARICNS | data |
Extrasolar Planets Encyclopaedia | data |
Stjernene
Proxima Centauri er ein raud dverg og ligg 4,22 lysår unna solystemet til jorda. Centauri A og B utgjer ei binærstjerne og ligg båe omtrent 4,36 lysår unna. Ifrå jorda vil eit menneskeauga utan eit teleskop oppfatta binærstjerna som eitt enkelt lyspunkt og ikkje kunna skjelna mellom dei to stjernene. Eksoplaneten i systemet går i bane kring Alfa Centauri B.