Didier Drogba

Didier Yves Drogba Tébily (fødd 11. mars 1978) er ein ivoriansk fotballspelar som har spelt for Chelsea FC sidan 2004.

Didier Drogba
Personleg informasjon
Fullt namnDidier Yves Drogba Tébily
KallenamnTito, Didi
Fødd11. mars 1978
FødestadAbidjan
Høgd188 cm
PosisjonAngrepsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Chelsea
Nummer11
Ungdomsklubbar
1996-1998Frankrike Levallois SC
Frankrike Le Mans FC
Seniorkarriere*
ÅrLagKampar (Mål)
1998-2002
2001-2003
2003-2004
2004-
Frankrike Le Mans FC
Frankrike Guingamp
Frankrike Marseille
Chelsea
64 (12)
45 (20)
35 (19)
177 (90)
Landslag
2002-Elfenbeinskysten Elfenbeinskysten71 (45)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 15. mars 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 15. januar 2010

Karriere

Didier Drogba vart fødd i Abidjan, men vart sendt til Frankrike som femåring for å bu med ein onkel som også var profesjonell fotballspelar. På grunn av heimlengt vart Didier sendt heim att til Abidjan etter tre år, men då begge foreldra vart arbeidslause, vart han sendt attende til onkelen i Frankrike. Det var i Frankrike han tok til å spela profesjonell fotball. Han starta i Levallois og heldt fram i Le Mans FC, der han tok til å spela for fyrstelaget i 1998. Han spelte for både Guingamp og Marseille før han enda opp i engelske Chelsea i 2004. Han var toppskårar i Premier League i 2009/10-sesongen, med 29 seriemål.

Sjølv om han har vakse opp delvis i Frankrike, har Drogba alltid spelt på landslaget til heimlandet Elfenbeinskysten. Han kom med på landslaget fyrste gong i 2002. Mellom anna har han delteke i fleire Afrikameisterskapar i fotball, og han var med då Elfenbeinskysten kvalifiserte seg til Fotball-VM for fyrste gong i 2006 i Tyskland. I denne meisterskapen skåra han i ein kamp mot Argentina, som Elfenbeinskysten til slutt tapte. Han spelte også under fotball-VM 2010 i Sør-Afrika; her skåra han mot Brasil i ein kamp som motstandaren vann 3 - 1.

Personleg liv

Drogba er gift med Diakité Lalla frå Mali, og dei har tre born i lag. Drogba har også utmerka seg ved å donera pengar til veldedige føremål. Han er utnemnd til ambassadør av FN sitt utviklingsprogram, og han har donert 3 millionar pund til å oppretta eit sjukehus i Abidjan.

Kjelder

  • Engelsk Wikipedia om Drogba.