Edward Snowden
Edward Joseph Snowden (fødd 21. juni 1983) er ein tidlegare tilsett ved CIA som i juni 2013 gav hemmelegstempla informasjon om USA sitt spionprogram Prism til The Washington Post og The Guardian. Dokumentasjonen som han gav til avisene synte at USA driv omfattande spionasje ved å avlytta Internett-trafikk og at fleire store føretak i USA har vore pressa til å gi frå seg opplysningar om kundar[1]. Den 21. juni 2013 vart han skulda for brot på spionparagrafen av 1917 i USA, men han greidde å rømme til Moskva før han vart arrestert.
Edward Snowden | |
Statsborgarskap | USA, Russland |
Fødd | 21. juni 1983 (40 år) Elizabeth City |
Yrke | systemadministrator, etterretningsoffiser, vekter, varslar, Dissident, informatikar, intelligence analyst |
Språk | engelsk, fransk |
Medlem av | Chaos Computer Club, Freie Universität Berlin |
Far | Lonnie Glenn Snowden, Jr. |
Mor | Elizabeth Snowden |
Ektefelle | Lindsay Mills |
Edward Snowden på Commons |
Asyl i Russland
Snowden vart etter ca. ein månads ophold i transithallen i Moskva-Sjeremetevo Internasjonale Lufthavn tildelt eitt års mellombels asyl i Russland[2], som han, då denne perioden tok ende, fekk forlenga i 3 år.[3][4]
Sidan Snowden fekk asyl i Russland har han av amerikanske politikarar vorte anklaga for å vere russisk spion, noko som FBI ikkje har lukkast bevise[5]. Snowden forklarte i eit intervju med "Norddeutscher Rundfunk" i januar 2014 at dersom han skulle venda attende til USA, ville han verta utsett for ein skinnrettargang, og at ei rekkje amerikanske tenestemenn har uttrykt ynskje om å sjå honom død[6][7].Snowden lever framleis (2018) i Moskva, betaler husleige og andre utgifter ved å halda foredrag og intervju.[8]
Prisar
- 2014 – Right Livelihood Award
- 2015 – Bjørnsonprisen
- 2016 – Ossietzky-prisen