Giuseppe Verdi

Giuseppe Fortunino Francesco Verdi (10. oktober 181327. januar 1901) var ein av dei største italienske operakomponistane. Han er kjend for verk som Nabucco, La Traviata og Aïda, og særskilde songar frå desse verka, som «Va, pensiero», som fekk ei viktig tyding for den italienske sameiningsrørsla, «La donna è mobile», det hebraiske slavekoret frå Nabucco og triumfmarsjen frå Aida.

Giuseppe Verdi

Giuseppe Verdi (1886). Måleri av Giovanni Boldini.
Fødd10. oktober 1813
FødestadRoncole, Italia
Død27. januar 1901 (87 år)
DødsstadMilano
OpphavKongedømet Italia
Aktiv1830–1901
Sjangerklassisk musikk, opera
Instrumentpiano
Verka somkomponist, dirigent, skribent, politikar
Gift medMargherita Barezzi, Giuseppina Strepponi
PrisarPour le Mérite für Wissenschaften und Künste, storkorsridder av Sankt Mauritius' og Sankt Lasarus' orden, Sankt Stanislaus-ordenen, Ridder av Æreslegionen, storkors av Æreslegionen, Savoies sivile fortjenstorden, Mecidi-ordenen, storkorsridder av Italias kroneorden, kommandørkors av Frans Josef-ordenen, Pour le Mérite, Sankt Stanislaus-ordenen

Liv

Signaturen G. Verdi

Verdi var fødd i Roncole i hertugdømet Parma, som då var okkupert av Frankrike under Napoleon, og flytta i 1824 til Busseto der han byrja musikalske studie med Ferdinando Provesi.

Han komponerte ein ouverture til Il Barbiere di Siviglia av Gioacchino Rossini, og flytta til Milano, men fekk ikkje plass ved konservatoriet der. Han hadde derfor private studie med Vincenzo Lavigna.

Etter nokre vanskelege år fekk han gjennombrotet sitt med librettoen til operaen Nabucco i 1842. I løpet av dei neste fem åra blei Verdi stadig meir berømt, først i Italia og Europa, og seinare også i USA.

I tida 1844–1850 skreiv Verdi fleire operaer, mellom anna Ernani, Macbeth og Luisa Miller. Operaene blei gradvis meir fyldige og orkesteret fekk ei større og kraftigare rolle. Inspirasjonen til Verdi kom først og fremst frå store operakomponistar som Rossini, Mercadante og Donizetti.

«La donna è mobile» frå Rigoletto, sungen av Enrico Caruso.

For Verdi var det viktig at det også var ei historie bak ein opera, og han gjekk grundig gjennom librettoane sine. På slutten av denne perioden blei dei største og mest populære Verdi-operaene skapt; først og fremst Rigoletto, som blei oppført i Venezia. Seinare, og med like stor popularitet, blei Il trovatore sett opp i Roma i 1853. La Traviata blei sett opp berre seks veker seinare, først utan å bli vel motteken, men blei ein suksess ved ei nyoppsetjing året etter.

I 1870 tok Verdi til å arbeida med Aïda, som fekk si uroppføring i Kairo i slutten av 1871. Etter dette trekte komponisten seg tilbake frå operaskrivinga, og verka hans frå 1873 omfattar mellom anna ein strykekvartett og eit rekviem over diktaren Allessandro Manzoni.

I 1879 blei Verdi oppfordra til å skrive nok ein opera, Otello. Verdi brukte då mykje tid på å revidera dei tidlegare operaene sine, og Otello blei først ferdig i 1886. Operaen blei uroppført i Milano i 1887. Den siste operaen til Verdi tok også utgangspunkt i eit skodespel av William Shakespeare; Falstaff, frå 1893.

Dei siste åra tilbrakte Verdi som ein rik og respektert mann i Milano. Då han døydde i 1901 blei han hylla i gatene av Milano av meir enn 28 000 menneske.

Verkliste

  • Operaer:
    • Oberto, conte di San Bonifacio, 17. november 1839
    • Un giorno di regno ossia il finto Stanislao, 5. september 1840
    • Nabucco, 9. mars 1842
    • I Lombardi alla prima crociata, 11. februar 1843
    • Ernani, 9 mars 1844
    • I due Foscari, 3. november 1844
    • Giovanna d'Arco, 15. februar 1845
    • Alzira, 12. august 1845
    • Attila, 17. mars 1846
    • Macbeth, 14. marts 1847
    • I masnadieri, 22. juli 1847
    • Jérusalem (revisjon og omsetjing av I Lombardi alla prima crociata) 26. november 1847
    • Il corsaro, 25. oktober 1848
    • La battaglia di Legnano, 27. januar 1849
    • Luisa Miller, 8. desember 1849
    • Stiffelio, 16. november 1850
    • Rigoletto, 11. mars 1851
    • Il trovatore, 19. januar 1853
    • La traviata, 6. marts 1853
    • Les vêpres siciliennes, 13. juni 1855
    • Giovanna de Guzman, revisjon av Les vêpres siciliennes, 1855
    • Simone Boccanegra, 12. mars 1857, revidert 1881
    • Aroldo (ein større revisjon av Stiffelio), 16. august 1857
    • Un ballo in maschera, 17. februar 1859
    • La forza del destino, 10. november 1862
    • Don Carlos, 11. mars 1867
    • Aida, 24. desember 1871
    • Don Carlos, revidert 1872
    • Maskeballet, revidert (1883)
    • Don Carlos, andre revisjon (1884)
    • Don Carlos, tredje revisjon (1886)
    • Otello, 5. februar 1887
    • Falstaff, 9. februar 1893
  • Songar
    • Sei Romanze (1838)
      1. Non t'accostar all'urna (Jacopo Vittorelli)
      2. More, Elisa, lo stanco poeta (Tommaso Bianchi)
      3. In solitaria stanza (Jacopo Vittorelli)
      4. Nell'orror di note oscura (Carlo Angiolini)
      5. Perduta ho la pace (omsett frå tysk av Luigi Balestra)
      6. Deh, pietoso, o addolorata (omsett frå tysk av Luigi Balestra)
    • L'esule (1839) (Temistocle Solera)
    • La seduzione (1839) (Luigi Balestra)
    • Guarda che bianca luna: notturno (1839) (Jacopo Vittorelli)
    • Album di Sei Romanze (1845)
      1. Il tramonto (Andrea Maffei)
      2. La zingara (S. Manfredo Maggioni)
      3. Ad una stella (Maffei)
      4. Lo Spazzacamino (Felice Romani)
      5. Il Mistero (Felice Romani)
      6. Brindisi (Maffei)
    • Il poveretto (1847) (Maggioni)
    • L'Abandonée (1849) (Escudier?)
    • Stornello (1869)
    • Pietà Signor (1894) (Verdi og Boito)
  • Religiøs musikk
    • Requiem (1874)
    • Messa per Rossini (1869, fyrst oppført posthumut 1988)
    • Pater Noster (1873)
    • Ave Maria (1880)
    • Quattro Pezzi Sacri (1898)
      1. Ave Maria
      2. Stabat Mater
      3. Laudi alla Vergine Maria
      4. Te Deum
  • Andre verk
    • Suona la tromba (1848) (Giuseppe Mameli)
    • Inno delle Nazioni (1862, London) (Boito)
    • Strykekvartett i e-moll (1873)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Giuseppe Verdi
Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Giuseppe Verdi