iPhone

iPhone er ein smarttelefon med multimediafunksjonalitet som er designa og marknadsført av Apple. Apple selde 200 millionar smarttelefonar berre i 2020.[1] Den brukar iOS som operativsystem. Formgivinga skjer i California, medan telefonen vert produsert i Kina. Han er kjenneteikna ved ein stor, berøringsfølsom skjerm. Telefonen vert styrt ved å trykka på grafiske ikon på den digitale skjermen med ein eller fleire fingrar. Når ein pressar på skjermen med to fingrar kan ein zooma inn og ut av tekst, bilete og grafikk som ein ønskjer å sjå nærare på. I tillegg til å vera ein vanleg mobil telefon har han også mellom anna funksjonar som mobilt fotoapparat, nettlesar, e-post, kompass, kalkulator og rørslesensor.

iPhone 15.

iPhone vart fyrste gong presentert av administrerande direktør i Apple, Steve Jobs, på Macworld Conference & Expo 9. januar 2007, og mobilen vart lansert 29. juli 2007 i USA. Han vart lansert i Noreg 11. juli 2008, hjå NetCom.

Utgåver

  • iPhone 2G – Introdusert 29 juni 2007, og var den fyrste utgåva. Batteritida i konstant samtale var rekna til 8 timar, medan ein kunne surfa på internett i 6 timar.[2]
  • iPhone 3G – Introdusert i 2008, med støtte for 3G og assistert GPS. iPod-funksjonalitet er ein del av telefonen. Det finst ei rekke supplerande applikasjonar tilgjengeleg for nedlasting, og det er også råd å oppdatere programvarene via iTunes. Ein forbetra utgåve av den første versjonen. 3G fekk nytt design og nokre nye funksjoner som blant anna AppStore, noko som har vokse og blitt den største og mest populære butikken for mobile applikasjonar.
  • iPhone 3GS – Introdusert i 2009. Han hadde ein langt raskare CPU og GPU enn forgjengaren, noko som gjorde han opptil dobbelt så rask ifølgje ytingsmålingar. Han hadde eit tre megapiksels kamera med autofokus, videoopptaksfunksjon (30 fps, 640×480 oppløysing) og videoredigering, pluss kompass, GPS og stemmestyring. Telefonen kom i tre variantar med 8, 16 og 32 GB lagringsplass.
  • iPhone 4
  • iPhone 4S
  • iPhone 5
  • iPhone 5S
  • iPhone 5C
  • iPhone 6
  • iPhone 6S
  • iPhone SE
  • iPhone 7
  • iPhone 8
  • iPhone X og iPhone XR
  • iPhone XS og iPhone XS Max
  • iPhone 11, iPhone 11 Pro og iPhone SE (2. generasjon)
  • iPhone 12 og iPhone 12 Pro
  • iPhone 13 og iPhone 13 Pro
  • iPhone 14 og iPhone 14 Pro

Sjå au

Referansar

Bakgrunnsstoff