Sirup

tjuktflytande sukkerløysning

Sirup (seint norrønt sirop av arabisk sharab, 'drikk', via latin) er ei seig løysning av sukker i vatn som ein kan bruka til mat, drikke, fôr eller til å gje medisinar. Sirup er gjerne gul eller brun på farge.[1]

Sirup laga av maltose

Typar

  • Etesirup er danna frå sukkerrøyr som eit biprodukt når ein raffinerer sukker. Inneheld hovudsakleg sukrose og noko invertsukker.[2]
  • Glukosesirup eller stivelsessukkersirup er av stive frå potet eller mais. Inneheld glukose, maltose og dekstrin. Maissirup (corn syrup) er mykje brukt i USA.[2]
  • Invertsukkersirup er danna ved at ein varmar opp ei løysing av raffinert sukker med fortynna syrer. Inneheld glukose og fruktose.[2]
  • Lønnesirup (maple syrup) er laga av sevje frå visse lønnetre.[2]

Som farmasøytisk preparat kan sirup innehalda løyste stoffer eller droge-uttrekk.[3]

Kjelder