Sukrose

kjemisk sambinding

Sukrose eller sakkarose er eit disakkarid sett saman av glukose og fruktose. Det er eit trivialnamn som vert brukt om vanleg hushaldningssukker, og er ikkje eit systematisk namn i kjemien.[1] Sukker som vert brukt i matlaging er som regel sukrose, og er også kjend som sukker, kvitt sukker, bordsukker eller farin. Det finst også i sirup og melis.

Sukrosekrystall

Stoffet vert utvunne frå sukkerrøyr og sukkerroe.[2]

Kjemi

Strukturen til eit sukrosemolekyl

Kjemisk sett er sukrose eit samband av molekyla glukose (også kalla druesukker) og fruktose (også kalla fruktsukker) med eit oksygenatom imellom. Ved hydrolyse (invertering) vert sukrose spalta i glukose og fruktose. Ei blanding av like delar glukose og fruktose vert kalla invertsukker.[1]

Sukrose har ikkje eit bestemt smeltepunkt, men ved ein temperatur på rundt 160–186 grader celsius (°C) vert det spalta og omdanna til karamell.[1]

Biologi

Plantar brukar sukrose til å transportera sukker over lange avstandar. Dei kan lagra stoffet i vakuolen.[3]

Hjå menneske vert stoffet spalta til monosakkarid i tynntarmen og teke opp i kroppen.[2]

Ei oppløysing av sukrose i vatn blir bruka som lett smertestillande hos spedbarn. Verknaden skuldast truleg ei aktivering av opioidsystemet i lekamen.

Sjå òg

Kjelder

Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.