Tenzin Gyatso

Tenzin Gyatso (fødd 6. juli 1935) er den fjortande og noverande dalai lamaen, og vert ofte berre omtalt som Dalai Lama.[1] Han var den femte av seksten born i ein bondefamilie frå Amdo-provinsen i Tibet, og fem år gamal vart han attkjend som reinkarnasjonen av den trettande Dalai Lama. 17. november 1950 vart han innsett som statsoverhovud i Tibet, femten år gammal, på eit tidspunkt då Tibet stod overfor okkupasjon frå Folkerepublikken Kina.

Tenzin Gyatso

StatsborgarskapTibet, Folkerepublikken Kina, Republikken Kina
Fødd6. juli 1935 (88 år)
Taktser
Yrkebhikkhu, lama, politikar
Språkengelsk, tibetansk, kinesisk
Religiontibetansk buddhisme, Rimé
FarChoekyong Tsering
MorDiki Tsering
Nettstadhttp://www.dalaiLama.com/, http://dalailama.ru/, http://eldalailama.com/, https://fr.dalailama.com/, http://de.dalailama.com/
Tenzin Gyatso på Commons

I 1989 vann han Nobels fredspris.[1]

I mai 2011 ratifiserte Dalai Lama ei lovendring som overførte den politiske makta til den demokratisk valde statsministeren for den tibetanske eksilregjeringa. Han gav dermed avkall på den politiske makta for dalai lama-embetet, og gjekk av som politiske leiar for Tibet i eksil.[1]

Kjelder

Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.