Dubai

(Omdirigert frå Dubai kommune)

Dubai (arabisk دبي, Dubayy) er den største byen i Dei sameinte arabiske emirata (UAE).[2] Han ligg på søraustkysten av Persiabukta og er eit av dei sju emirata som utgjer landet. Abu Dhabi og Dubai er dei einaste to emierata som har vetomakt i viktige nasjonale saker.[3] Byen Dubai ligg på nordkysten av emiratet i Dubai-Sharjah-Ajman storbyområde.

Dubai
دبي
by
Land Dei sameinte arabiske emirata
EmiratDubai
Koordinatar24°57′N 55°20′E / 24.950°N 55.333°E / 24.950; 55.333
Areal4 114 km² [1]
Folketal 2 106 177  (2013)
Folketettleik512 / km²
EmirMuhammed bin Rashid Al Maktoum
TidssoneUAE standardtid (UTC+4)
Kart
Dubai
25°16′11″N 55°18′34″E / 25.269722222222°N 55.309444444444°E / 25.269722222222; 55.309444444444
Wikimedia Commons: Dubai
Nettstad: Dubai Emirate
Dubai kommune
Dubai Tourism

Dubai har utvikla seg til å bli ein global by og storsenter for forretningar i Midtausten.[4] Han er òg eit stort transportknutepunkt for passasjerar og varer. I 1960-åra var økonomien i Dubai basert på handel, og til ein viss grad, oljekonsesjonar, men det vart ikkje oppdaga olje før i 1966. Oljeinntektene byrja først å strøyme inn i 1969.[5] Oljeinntektene sette i gang den første utviklinga av byen, men reservane var små og produksjonsnivået lågt, så i dag kjem mindre enn 5 % av inntektene i emiratet frå olje.[6] Den vestlege forretningsmodellen i emiratet driv økonomien og dei største inntektene er no turisme, luftfart, eigedom og finanstenester.[7][8][9] Dubai har fått mykje merksemd i verda gjennom nyskapande, store byggeprosjekt og idrettsarrangement. Byen har blitt symbolsk for skyskraparane sine, særleg den høgaste bygningen i verda, Burj Khalifa. Dubai har blitt kritisert for brot på menneskerettar, særleg mot den sørasiatiske arbeidsstyrken i landet.[10] Eigedomsmarknaden i Dubai opplevde eit fall i 2008-2009 etter finanskrisa i 2007–2008,[11] men økonomien i emiratet er igjen i vekst og går sidan 2015 med overskot.[12]

I 2012 var Dubai den 22. dyraste byen i verda og den dyraste i Midtausten.[13] I 2014 var hotellrom i Dubai rangert som dei nest dyraste i verda, etter Geneve.[14] Dubai var rangert som den beste staden å bu i Midtausten av det amerikanske globale rådgjevingsselskapet Mercer.[15]

Namnesoge

Det er mange teoriar om opphavet til ordet Dubai. Ein teori er at ordet vart nytta til å skildre marknaden, souq, som likna på marknaden i Ba.[16] Ein annan teori er at namnet kjem frå ordet for «pengar», sidan folk frå Dubai vart rekna som rike. Eit arabisk ordtak er «Daba Dubai» (arabisk دبا دبي), som tyder «Dei kom med mykje pengar.»[17] I følgje Fedel Handhal, ein emiratarabisk historiskar, kan ordet Dubai ha kome frå ordet daba (arabisk دبا) (fortid av yadub (arabisk يدب), som tyder «å krype»), som viser til den langsame straumen i Dubaivika inn i landet. Forskaren Ahmad Mohammad Obaid meiner ordet kjem frå ein «ung grashoppe» (arabisk جراد) på grunn av mange grashopper i området før det vart utbygd.[18]

Historie

Sjølv om ein har funne mange steinreiskap i arkeologiske funn, kjenner ein lite til dei første innbyggjarane i Emirata, sidan ein berre har funne få busetnader.[19] Mange gamle byar i området var handelsselter mellom den austlege og vestlege verda. Restane av ein eldgammal mangrovesump er datert til 7000 fvt. og vart oppdaga under bygginga av kloakkrøyr i Dubai. Området vart dekt av sand kring 5 000 år sidan då kysten trekte seg innover, og vart ein del av dagens kystlinje.[19][20] Ein har funne førislamsk keramikk frå 200- og 300-talet.[21] Før islam vart innført i området, dyrka folket i regionen Bajir (eller Bajar).[21] Etter islam kom til området, invaderte kalifane frå omajadane området søraust i Arabia, og dreiv bort sassanidane. Utgravingar gjort av Dubai museum i regionen kring Al-Jumayra (Jumeirah) fann fleire lekamar frå omajadane.[22]

Den tidlegaste kjelda som nemner Dubai er frå 1095 i Geografibok av den andalusisk-arabiske geografen Abu Abdullah al-Bakri.[treng kjelde] Den venetianske perlehandlaren Gaspero Balbi vitja området i 1580 og nemner Dubai (Dibei) for perleindustrien sin.[22]

Ein trur Dubai vart grunnlagd som ein fiskelandsby tidleg på 1700-talet[23] og var innan 1822 ein by med 7-800 innbyggjarar frå Baniyas-stamma og underlagt styret til sjeik Tahnoon av Abu Dhabi.[24]

Etter stammestridar i 1833, kutta medlemmar av Al Bu Falasa banda til Abu Dhabi og etablerte seg sjølv i Dubai. Utvandringa frå Abu Dhabi var leia av Ubaid bin Saeed og Maktum bin Butti som leia Dubai i lag fram til Ubaid døydde i 1836, og Maktum grunnla Maktoum-dynastiet.[23]

Dubai signerte ein avtale i lag med resten av Traktatstatane med Storbritannia, som tok ansvaret for tryggleiken til emiratet i 1892.

To katastrofar råka byen på 1800-talet. I 1841 braut det ut ein kopperepidemi i Bur Dubai, og tvang innbyggjarane til å flytte aust til Deira. I 1894 braut det ut brann i Deira og dei fleste husa brann ned.[25] Den geografiske plasseringa til byen fortsette å trekkje til seg kjøpmenn frå heile regionen. Emiren av Dubai ønskte å trekkje til seg utanlandske kjøpmenn og senka skattane. Dette trekte til seg kjøpmenn frå Sharjah og Bandar Lengeh, og byen vart ein av handelssentera i regionen på den tida. Persiske kjøpmenn kryssa Persiabukta og slo seg etter kvart ned i Dubai. Dei fortsette å handle med Lingah, og dei kalla bydelen sin Bastakiya, etter Bastak-regionen sør i Persia.[25][26]

Dubai før olja

Dubai ligg nær Iran og gjorde han til ein viktig handelsstad. Byen Dubai var ein viktig hamneby for utanlandske kjøpmenn, hovudsakleg dei frå Iran, og mange slo seg etter kvart ned i byen. På byrjinga av 1900-talet var Dubai blitt ein viktig hamneby.[27]

Dubai var kjend for eksport av perler fram til 1930-åra. Perlehandelen vart øydelagd under den store depresjonen i 1930-åra og oppfinninga av kulturperler. Då perleindustrien kollapsa, vart det store økonomiske vanskar i Dubai og mange innbyggjarar svelta eller flytta til andre stader i Persiabukta.[19]

Al Ras-distriktet i Deira i Dubai i 1960-åra.

Sidan tidlege tider rivaliserte Dubai alltid med Abu Dhabi. I 1947 oppstod det ein grensestrid mellom Dubai og Abu Dhabi i nord, og det eskalerte til krig.[28] Britane gjekk gjennom og skapte ei buffergrense som gjekk søraustover frå kysten ved Ras Hasian og dette stoppa fiendskapen for ei stund.[29]

Trass i mangel på olje, brukte regenten i Dubai frå 1948, sjeik Rashid bin Saeed Al Maktoum, inntekter frå handelsverksemda til å byggje infrastruktur. Det vart utbygd elektrisitet, telefon og ein flyplass i Dubai i 1950-åra, og i 1959 vart det første hotellet i emiratet, Airlines Hotel, bygd. Dette vart følgd opp av Ambassador og Carlton Hotel i 1968.[30]

Den 7. april 1961 var den Dubai-baserte MV «Dara», eit 5000 tonn stort britisk fartøy, som segla mellom Basra (Irak), Kuwait og Bombay (India), ute i uvanleg hardt vêr utafor Dubai. Tidleg neste morgon i tung sjø utafor Umm Al Qawain vart det ein eksplosjon i andreklasse-lugarane og det starta brannar. Kapteinen gav ordre om å foralte skipet men to livbåtar kvelva og det oppstod ein ny eksplosjon på båten. Ein flotilje av småbåtar frå Dubai, Sharjah, Ajman og Umm Al Qawain plukka opp overlevande, men i alt 238 menneske mista livet.

Den asfalterte rullebanen vart bygd i 1965, og opna Dubai for både regional og internasjonal trafikk. I 1970 vart det bygd ein ny terminalbygning med den første tax free-butikken i Dubai.[31]

Oljetida

Fleire år etter det vart funne olje i naboemiratet Abu Dhabi, vart det oppdaga olje i farvatnet utafor Dubai i 1966, men i mindre mengder. Det første feltet fekk namnet Fateh eller «god lagnad». Dette førte til at emiratet gav ut konsesjonar til internasjonale oljeselskap, og dette sette i gang ein massiv innvandring av utanlandske arbeidarar, særleg indarar og pakistanarar. Mellom 1968 og 1975 tredobla folketalet seg i byen.[32]

Ein del av infrastrukturen for å pumpe og transportere olje frå Fateh-feltet, som ligg utafor kysten i Jebel Ali-området i Dubai, var store lagringstankar, som lokalt vart kalla «kazzans».[33] Desse vart sveiste saman på stranda og så grov ein dei ut og flaut dei ut, før dei slapp dei ned på havbotnen på Fateh-feltet. Desse vart bygde av Chicago Bridge and Iron Company, som gav stranda det lokale namnet (Chicago Beach) fram til Chicago Beach Hotel vart rive ned og erstatta av Jumeirah Beach Hotel i 1997.

Dubai hadde alt byrja å utvikle infrastrukturen sin og utvide byen. Oljeinntektene, som byrja å kome i 1969, støtta ein vekstperiode der sjeik Rashid fokuserte på infrastruktur og å diversifisere handelsøkonomien før dei avgrensa oljeressursane til emiratet gjekk tom. Olja stod for 24 % av BNP i 1990, men var redusert til 7 % av BNP i 2004.[5]

Noko av dei første store prosjekta sjeik Rashid sette i gang då oljeinntektene kom, var å byggje Port Rashid, ei djupvasshamn og frihamn, bygd av britiske Halcrow. Prosjektet vart ein eineståande suksess, og skipa stod i kø inn til det nye anlegget. Hamna vart innvigd den 5. oktober 1972. Port Rashid vart vidare utvida i 1975 med ytterlegar 35 kaiplassar, i tillegg til dei 16 som var der frå før, før den større hamna i Jebel Ali vart bygd.[5]

Port Rashid var det første steget i å skape ein moderne infrastruktur for handel, inkludert vegar, bruer, skular og sjukehus.[34]

Dei sameinte arabiske emirata

Dubai og dei andre Traktatstatane hadde lenge vore eit britisk proktektorat der britane tok seg av utanrikspolitikken og forsvaret, i tillegg til å mekle mellom regentane i emirata. Dette endra seg då statsminister Harold Wilson den 16. januar 1968 annonserte at alle britiske soldatar skulle trekke seg ut av området.[35]

Den 2. desember 1971 gjekk Dubai saman med Abu Dhabi, Sharjah, Ajman, Umm Al Qawain og Fujairah og danna Dei sameinte arabiske emirata. Det sjuande emiratet, Ras Al Khaimah, kom med i unionen den 10. februar 1972, etter at nabolandet Iran hadde annektert øyane Tunbs, som tidlegare hadde høyrt til emiratet.

Moderne Dubai

I 1970-åra fortsette veksten i Dubai med inntekter frå olje og handel. Grensestridane mellom emirata fortsette sjølv etter unionen var oppretta, men i 1979 vart dei endelege grensene fastsette.[36] Jebel Ali-hamna vart grunnlagd i 1979. JAFZA (Jebel Ali frisone) vart bygd kring hamna i 1985 og gav utanlandske selskap uavgrensa import av arbeidskraft og eksportkapital.[37]

Golfkrigen i 1990 hadde ein negativ økonomisk effekt på byen, sidan innskyttarar trekte pengane sine ut og handelsfolk slutta å handle. Byen kom seg raskt att og blømde. Seint i 1990-åra flytta mange utanlandske handelsselskap, først frå Kuwait under Golfkrigen, og sidan Bahrain, under sjiaopprøret, til Dubai.[26] Dubai var forsyningsbase for allierte styrkar ved Jebel Ali frisone under Golfkrigen, og igjen under invasjonen av Irak i 2003. Auken i oljeprisane etter Golfkrigen gjorde at Dubai framleis kunne fokusere på frihandel og turisme.[38]

Geografi

Denne videoen syner veksten i Dubai frå 2000 til 2011.
Bykart over Dubai
Dubai-Sharjah-Ajman storbyområde om kvelden.

Dubai ligg ved Persiabukta i Dei sameinte arabiske emirata, omtrent 16 meter over havet. Emiratet Dubai deler grense med Abu Dhabi i sør, Sharjah i nordaust og sultanatet Oman i søraust. Hatta, er ein mindre eksklave i emiratet, som grensa til Oman på tre sider og emirata Ajman (i vest) og Ras Al Khaimah (i nord). Persiabukta ligg på vestkysten av emiratet.

Dubai ligg innafor Den arabiske ørkenen, men topografien skil seg frå den sørlege delen av landet, og mykje av landskapet i Dubai består av flekkar av sandørken, medan grusørkenar dominerer mykje av landet elles.[39] Sanden består hovudsakleg av kunste skjel og korallar og er fin, rein og kvit. Aust for byen ligg det saltsletter eller sabkha, som går over i sanddyner. Lenger aust vert sanddynene større og er farga raud av jernoksid.[32]

Den flate sandørkenen går over i dei vestlege Hajarfjella, som går langs grensa av Dubai med Oman ved Hatta. Hajarfjella har tørre, spisse fjelltoppar, med høgder opp til 1300 meter somme stader. Dubai har ingen naturlege elvar eller oasar, men har ei stor vik, Dubaivika, som er oppmudra nok til at store fartøy kan gå inn. Dubai har òg mange kløfter og vasshol, som ligg ved foten av Hajarfjella. Eit stort område med sanddyner dekkjer mykje av det sørlege Dubai og glir etter kvart over i ørkenen Rub' al Khali. Seismisk setter er Dubai i ein stabil sone og den nærmaste forkastinga, Zagrosforkastinga, ligg 200 km frå landet, og vil truleg ikkje ha noko innverknad på Dubai.[40] Ekspertar meiner òg at faren for ein tsunami i regionen er liten, fordi Persiabukta ikkje er djup nok til å utløyse ein tsunami.[40]

I sandørkenen kring byen veks det villgras og stundom daddelpalmar. Ørken-hyasintar veks på sabkha-slettene aust for byen, medan akasie og ghaf-tre veks på dei flate slettene i nærleiken av Al Hajar-fjella. Kragetrappe, stripete hyene, karakal, ørkenrev, falk og arabisk oryx er vanlege i Dubai-ørkenen. Mange trekkfuglar som fyk mellom Europa, Asia og Afrika stoppar i emiratet om våren og hausten, og ein har talt meir enn 320 forskjellige trekkfugl i området. I farvatnet utafor Dubai er det meir enn 300 fiskeartar. Ein finn mykje tropisk fisk, manetar, korallar, sjøku,d elfinar, kvalar og haiar i sjøen. Her finst òg somme skjelpadder, som karett og suppeskjelpadde, som begge er utryddingstrua.[41][42]

Dubaivika går noraust-sørvest gjennom byen. Den austlege delen avbyen dannar Deira og grensar til emiratet Sharjah i aust og byen Al Aweer i sør. Dubai internasjonale lufthamn ligg sør for Deira, medan Palm Deira ligg nord for Deira i Persiabukta. Det meste av utbygginga i Dubai skjer vest for Dubaivika, langs Jumeirah-kysten. Port Rashid, Jebel Ali, Burj Al Arab, Palm Jumeirah og temabaserte frisoner, som Business Bay, ligg alle i dette området.

Klima

Dubai har eit varmt ørkenklima. Somrane i Dubai er ekstremt heite, vindfulle og med høg luftfukt. På dagen er den gjennomsnittlege temperaturen rundt 41 °C og om natta ned mot 30 °C i den varmaste månade, august. Dei fleste dagane av året er solrike. Vintrane er varme med temperaturar kring 24 °C på dagen og 14 °C om natta i januar, som er den kaldaste månaden. Nedbørsmengdene er kring 94,3 mm i året.[43] Dubai-somrane er kjende for moderat til høg luftfukt, som kan vere ubehageleg for mange.[44] Den høgaste temperaturen som er målt i Dubai er 49 °C, i juli 2002.[45]

Vêrdata for Dubai
JanFebMarAprMaiJunJulAugSepOktNovDesÅr
Høgast målte °C31,637,541,343,54746,74948,745,1424135,549
Gjennomsnittleg maks °C23,925,428,43337,739,540,941,338,935,430,626,233,4
Gjennomsnittleg min °C14,315,517,72125,127,33030,427,724,120,116,322,5
Lågast målte °C6,16,9913,415,118,220,423,116,51511,88,26,1
Gjennomsnittleg nedbør mm18,82522,17,20,400,8001,12,716,294,3
Gns. luftfukt (%)65656355535856576060616460
Gns. solskinstimar i månaden254,2229,6254,2294344,1342322,4316,2309303,8285254,23 508,7
Kjelde: Dubai Meteorological Office[46]climatebase.ru (extremes, sun),[47] NOAA (fukt, 1974–1991)[48]


Demografi

Historisk folketal
ÅrInnb.  ±%  
1822[49]1 200—    
1900[50] 10 000+733.3%
1930[51] 20 000+100.0%
1940[49] 38 000+90.0%
1960[52] 40 000+5.3%
1968[53] 58 971+47.4%
1975[54] 183 000+210.3%
1985[55] 370 800+102.6%
1995[55] 674 000+81.8%
2005 1 204 000+78.6%
2014 2 250 000+86.9%

I 2013 var det berre 10-15 % av folkesetanden som var emiratarabarar,[56] medan resten er utlendingar som anten har vore i landet i generasjonar eller var fødde i Emirata.[57][58] Kring 85 % av utledingane (og 71 % totalt) var asiat, hovudsakleg indarar og pakistanarar.[59]

Økonomi

Dubai har ein av dei raskast veksande økonomiane i verda,[60] og bruttonasjonalprodukt var 107,1 mrd. dollar, med ein vekstrate på 6,1 % i 2014.[61] Sjølv om mykje av infrastrukturen vart med oljeinntekter,[62] står inntekter frå olje og naturgass i dag for mindre enn 5 % av inntektene til emiratet.[7] Det er estimert at Dubai produserer 50 000 til 70 000 fat olje per dag[63] og store mengder gass frå offshore-felta. Emiratet bidreg med kring 2 % av dei samla gassinntektene i landet. Oljereservane til Dubai har minka kraftig og er venta å vere tom innan 20 år.[64] Eigedom, bygg og anlegg (22,6 %),[9] handel (16 %), entrepôt (15 %) og finanstenester (11 %) bidreg mest til økonomien i Dubai.[65]

Turisme

Turisme er ein viktig del av økonomien i Dubai. Turistane kjem hovudsakleg for shopping,[66][67] men òg for å få med seg gamle og moderne attraksjonar. I 2013 var Dubai den 7. mest vitja byen i verda basert på lufttrafikk og vekst.[68] Dubai tok i mot over 15 million turistar i 2015.[69]

Dubai har blitt kalla «shopping-hovudstaden i Midtausten».[70] Dubai aleine har meir enn 70 kjøpesenter, inkludert det største kjøpesenteret i verda, Dubai Mall. Dubai er òg kjend for sine tradisjonelle marknader, soukar, som ligg på begge sider av vika. Ein finn mange butikkar og gullsmedar i byen. Dubai er blitt kalla «gullbyen» på grunn av dei mange gullsmedane.[71]

Dubai Creek Park i Dubaivina pelar ei viktig rolle for turismen i Dubai med mangen attraksjonar.[72]

Dubai-horisonten.

Arkitektur

Dubai har mange byggverk innan forskjellige arkitekturstilar. Ein finn mange moderne tolkingar av islamsk arkitektur. Arkitekteuren har bokstavleg talt blitt tatt til nye høgder og har fleire høge skyskraparar enn noko anna by i verda, mellom anna med den høgaste bygningen i verda, Burj Khalifa frå 2010, som er 829,8 meter høgt.[73] På toppen av Burj Khalifa ligg det høgaste observasjonsdekket i verda med ein utandørs terrasse som er ein av dei mest populære turistmåla i Dubai, med over 1,87 millionar vitjande i 2013.[74]

Andre bygg i Dubai er til dømes Burj Al Arab, eit luksushotell som ofte vert skildra som det einaste 7-stjernes hotellet i verda.[75]

Dubai Miracle Garden er ein 72 000 kvadratmeter stor blomsterhage, som opna i Dubailand. Det er i dag den største blomsterhagen i verda med over 45 millionar blomar. Hagen er stengd på sommartida, frå seint i mai til september.[76]

Samferdsle

Samferdsla i Dubai vert kontrollert av Roads and Transport Authority (RTA), eit statleg byrå i Dubai, som vart skipa i 2005.[77]Det er gjort store investeringa innan kollektivtrafikk dei siste åra.[78] I 2009 vart det estimert at det var litt over 1 million bilar i Dubai.[79]

Dubai internasjonale lufthamn er heimeflyplassen til Emirates Airlines og flydubai, og tener byen Dubai og andre emirat i landet. Flyplassen var den 7. mest travle i verda i 2014 med 70,4 millionar passasjerar. Flyplassen var òg den travlaste flyplassen i verda etter internasjonal flytrafikk.

Dubai Metro har i dag to linjer som går mellom dei store finans- og bustadområda i byen. Metrosystemet vart delvis opna i september 2009.[80] Metrosystemet har 49 stasjonar i alt fordelt på to linjer. Det er planlagt to linjer til. Dubai Metro er det første urbane tognettverket på Den arabiske halvøya.[81]

Høgsnøggleikstog

Dubai har annonsert at dei vil byggje eit høgsnøggleikstogsystem i landet, som etter kvart vil bli bygd ut i heile Golfrådet-området, og kanskje til Europa.[82]

Kultur

Ein tradisjonell souk i Deira.

Kulturen i Emirata er hovudsakleg basert på islam og tradisjonell arabisk kultur. Påverknaden av islam og arabisk kultur er stor i arkitektur, musikk, klede, mat og livsstil. Fem gonger kvar dag vert alle muslimar bede om å be frå minaretane i moskéar som er spreidde over heile landet. Sidan 2006 har helga vore fredag og laurdag, sidan fredagen er heilage for muslimar, i motsetnad til helga som er laurdag og søndag i Vesten.[83]

Arabisk mat er særs populær og tilgjengeleg i heile byen, frå små shawarma-kafear i Deira og Al Karama til restaurantane på Dubai-hotella. Ein finn snøggmat, sørasiatisk og kinesisk mat over heile byen. Sal og konsum av svin er lovleg, men regulert og berre seld til ikkje-muslimar i somme område av byen. Det same gjeld sal av alkohol. Shisha og qahwa er populære i Dubai. Dubai er kjend for nattelivet. Klubbar og barar finst på dei fleste hotell på grunn av alkohollovene.

Idrett

Dubai Tennis stadoin.

Fotball og cricket er dei mest populære idrettane i Dubai. Fem lag (Al Wasl FC, Al-Ahli Dubai, Al Nasr SC, Al Shabab Al Arabi Club og Dubai Club) representerer Dubai i den emiratarabiske eliteserien. Al-Wasl har vunne meisterskapen i Emiratane nest flest gonger, etter Al Ain. Dubai er vertskap for den årlege Dubai Tennis Championships og The Legends Rock Dubai, i tillegg til golfturneringa Dubai Desert Classic og Dubai World Championship, som trekkjer til seg stjerner frå heile verda. Dubai World Cup, er eit hesteløp som vert halde kvart år i Meydan Racecourse. Billøp er ein stor idrett i Dubai og det vert arrangert mange løp i Dubai Autodrome kvart år.

Venskapsbyar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Reiseguide for Dubai frå Wikivoyage