Galisisk

Galisisk eller galicisk er eit iberoromansk språk som ein snakkar i den autonome regionen Galicia og tilstøytande område i Asturias og Castilla y León, nord i Spania. Det blir tala av 3-4 millionar, ein halv av dei emigrantar til Sør-Amerika.

Galisisk
galego
KlassifiseringIndoeuropeisk
 italiske språk
  romanske språk
   iberoromanske språk
Bruk
Tala i Spania
Galisisktalande i alt3–4 millionar
SkriftsystemLatinsk
Offisiell status
Offisielt språk iGalicia i Spania
Normert avReal Academia Galega
Språkkodar
ISO 639-1gl
ISO 639-2glg
ISO 639-3glg
Wikipedia på galisisk

Det har nært slektskap med portugisisk, og blir ofte sett på som ein dialekt av dette språket. Men språkbrukarane og dei galisiske styresmaktene ser annleis på det. Dei har ein eigen identitet og har utvikla seg vekk frå portugisisk. Ettersom portugisisk utvikla seg i Galicia, kan det like gjerne vera ein dialekt av galisisk.

Galisisk skrift

Galisisk har hatt eit eige skriftspåk sidan 1000-talet. I mellomalderen vartgalaico-português sett på som eit kulturspråk, brukt innan dikting og i religiøse samanhengar. Dette gjaldt ikkje berre i Galicia og Portugal, men òg i Castilla, der kastiljansk hovudsakleg var brukt til å skriva prosa.

Etter at portugisisk og galisisk blei skilde, blei språket etter kvart sett på som provinsielt og udanna. Det var lite brukt innan akademi eller skjønnlitteratur før det fekk ein renessanse midt på 1800-talet. Rosalía de Castro blir framleis feira for utgjevinga si i 1863 av ei diktsamling på galisisk. Dagen boka kom ut på, 17. mai, er òg dagen for galisisk litteratur.

Forbod

Under styret til Francisco Franco, som sjølv var galisar, var alle språk bortsett frå kastiljansk forbodne i landet. Galisisk blei framleis brukt som talespråk på landsbygda, og etter at diktaturet var over i 1975 blomstra det opp igjen.

Bakgrunnsstoff

Wikipediagalisisk