Jim Crow-lovane

Jim Crow-lovane var ei rekkje lovar som gjaldt i fleire amerikanske delstatar mellom 1876 og 1965, særleg i Sørstatane.[1][2] Lovane innebar rasemessig segregering, gjennom å påby at dei offentlege områda der «svarte» og «kvite» kunne ferdast skulle haldast skilde. Dette gjaldt til dømes skular, sjukehus, offentleg transport, restaurantar og hotell. I realiteten innebar lovane, sjølv om dei gav uttrykk for at svarte og kvite var likeverdige, at svarte vart utsette for omfattande diskriminering med omsyn til utdanning, økonomi og levesett.[3][4][5]

Originalt postkort med nedsettande karikatur av Jim Crow.

Jim Crow-lovane vart avvikla gradvis etter 1954, då høgsteretten i USA erklærte ei rekkje raseskiljelovar grunnlovsstridige.[6][7][8] Dei siste lovane vart oppheva i 1964 og 1965 gjennom Civil Rights Act of 1964 og Voting Rights Act of 1965.

Opphavet til nemninga

Omgrepet «Jim Crow» har vore i bruk i lang tid i USA, og skal skriva seg frå 1829, då den kvite artisten Thomas Dartmouth framførte songen og karikatur-dansen «Jump Jim Crow». «Jim Crow» vart deretter brukt nedsettande som kallenamn på svarte i USA, og etterkvart om raseskiljelovar, dei såkalla «Jim Crow-lovane».[9] «Jim Crow Law» blei først nytta i 1884 i ein avisartikkele om ein debatt i kongressen.[10] Han opptrer i 1892 i ein tittel i New York Times om at Louisiana innførte raseskilde togvogner.[9][11]

Omgrepet er enno i bruk om tilhøva i USA på denne tida. Til dømes brukte president Barack Obama omgrepet fleire stadar i boka si Audacity of Hope.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Jim Crow-lovane