Koreansk

Koreansk (한국어/한국말) er eit språk som blir snakka av vel 76 millionar menneske. Det er offisielt språk i Korea (Nord-Korea og Sør-Korea), men også koreanske minoritetar i Kina, Japan og USA snakkar språket. Det finst dei som meiner at koreansk er i slekt med altaiske språk, men det har ikkje vore mogleg å prove det. Koreansk blir dermed rekna for å vere eit isolert språk.

Koreansk
한국어, 조선어 Hangugeo, Chosŏnŏ
KlassifiseringAltaisk eller isolert
Bruk
Tala iNord-Korea, Sør-Korea, nordaustre Kina, og minoritetar i Russland, USA, Canada, Brasil, Japan, Filippinane
Koreansktalande i altFørstespråk: 71 millionar
Andrespråk: 76 millionar
Rangering13 (omtrent som vietnamesisk, telugu, marathi, tamil)
SkriftsystemHangul
Offisiell status
Offisielt språk iNord-Korea og Sør-Korea
Normert avNational Institute of Korean Language (국립 국어원)
Språkkodar
ISO 639-1ko
ISO 639-2kor
ISO 639-3kor

Syntaks

Koreansk er eit SOV-språk.

Skriftsystem

Sjå også: Hangul

Koreansk vart opphavleg skrive med kinesiske teikn, kalla for hanja. I 1443 vart det laga eit eige alfabet for koreansk, hangul. Hangul vart innført av kong Saycong, tradisjonen seier at det var kongen sjølv som hadde laga alfabetet.

Ved translittering av koreansk blir fleire ulike system brukt. I Nord-Korea brukar dei offisielt McCune-Reischauersystemet. I 2000 gjekk Sør-Korea over til offisiell bruk av ei revidert romanisering.

Språkpolitikk

Det dominerande temaet i koreansk språkpolitikk har vore bruk av hangul kontra hanja. Fram til slutten av andre verdskrigen var Korea under sterk kulturell eller politisk dominans frå Kina eller Japan, og hanja dominerte, berre ca. 5 % av koreansk litteratur vart skrive med hangul.

Språkpolitikk i Sør-Korea

I Sør-Korea vedtok dei å slutte å bruke hanja i 1948, men dei godtok bruken av dei i ein overgangsperiode. Denne overgangsperioden drog ut, sjølv i dag er hanja til ein viss grad i bruk. Hangul dominerer, men i visse aviser (Chosun Ilbo, Hanguk Ilbo, Tong-a Ilbo) praktiserer dei ei blanda form, slik at (ein viss del av) etymologisk kinesiske ord blir skrive med hanja, mens koreanske ord blir skrive med hangul.

Språkpolitikk i Nord-Korea

Etter delinga av landet gjorde Nord-Korea Pyongyang-dialekten til standardspråk. Dei sette i stand alfabetiseringskampanjar basert på hangul, og i løpet av treårsperioden fram til 1948 var analfabetismen bortimot utrydda. I 1949 vart bruken av hanja forbode, og hangul-ortografien gjennomgjekk mindre endringar (m.a. i reglar for særskriving av samansetjingar), samanlikna med norma i sør. I 1964 sette Kim Il-sung i gang ein puristisk kampanje for å skape koreanske ord i staden for lånord, denne kampanjen hadde også parallellar i sør.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikipediakoreansk

Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.