Newari

Newari, newar eller nepalbhasha er eit sinotibetansk språk som blir tala avrundt 825 000 menneske frå Nepal (2001), der det er offisielt språk. Det blir også tala i den indiske delstaten Sikkim, der det også har offisiell status. Landnamnet «Nepal» kjem frå dette språket, som er forskjellig frå nepali.

Newari
नेपाल भाषा, nepal bhasa
KlassifiseringSinotibetansk
 Tibetoburmansk
  Himalayisk
   Newari
Talararnewarar
Bruk
Tala iKina, India, Nepal
Newaritalande i alt6 150 000
SkriftsystemTibetansk skrift
Offisiell status
Offisielt språk iNepal

Sikkim i India

Språkkodar
ISO 639-1new
ISO 639-2new
ISO 639-3new
Wikipedia på newari

Newari blir tala i Katmandudalen og i dei fleste større busetnader i Nepal. Det er morsmål til rundt 5 % av nepalarar, og er knytt til folkegruppa newarar.

Språket høyrer til den himalayiske greina av sinotibetanske språk, men har også blitt mykje påverka av indoariske språk. Det er det einaste tibetoburmanske språket som blir skrive med devanagariskrift.

Historie

Dei eldste nedskrivne newariorda er namn i sanskritinnskrifter frå Licchavidynastiet. Elles er den eldste kjende newariteksten eit skjøte frå 1207. Det eldste manuskripter er ei omsetjing av Hitopadesha frå 1360.

Newari var språket til Malladynastiet, som herska over Nepal frå 1100-talet til 1768, då Katmandu blei hærteken av Prithvi Narayan Shah. Språket fekk ein renessanse i 1950-åra, men er ikkje blitt likestilt med nepali.

Litteratur

Klassisk newari er sterkt påverka av sanskrit, medan litteraturen i nyare tid har hatt hindi og nepalilitteratur som førebilete.Eldre newari-dramatikk byggjer på sanskrit- og maithili-dramaet. Ei rekkje tidlege tekstar var omsetjingar av buddhistisk litteratur frå sanskrit.

Av viktige moderne forfattar kan nemnast diktaren Chittadhar Hridaya (1906–1982), som sat fem år i fengsel for å ha gjeve ut dikt på newari, og prosaforfattaren Tirtharaj Tuladhar.

Bakgrunnsstoff

Wikipedianewari


Kjelder

«newari» i Store norske leksikon, snl.no.