SI-systemet

(Omdirigert frå SI-eining)

SI-systemet (frå fransk Système International d'Unités) er det internasjonale systemet for måleiningar. Formålet med systemet er å danne ein standard einingar som kan nyttast til vitskaplege, tekniske såvel som kvardagslege målingar.

SI er bygd opp av sju fysisk definerte grunneiningar og to geometrisk definerte supplementseiningar. Desse har ein så kombinert til ulike avleia einingar.

Historikk

SI-systemet vart oppretta i 1960 av Generalkonferansen for mål og vekt i Paris og er utforma av den internasjonale komiteen for mål og vekt (CGPM). Systemet er ei vidareføring av MKSA-systemet (metersystemet) som vart tilrådd i 1948 for bruk i alle land som hadde vedteke meterkonvensjonen. Det er dette systemet som med nokre endringar og tillegg har blitt til SI-måleeiningar. SI-systemet vart innført i Noreg ved kongeleg resolusjon av 19. juni 1977.

SI-systemet skriv seg frå ikring 1640. Franske vitskapsfolk utforma det, og spreidde seg med den franske revolusjonen i 1789. Systemet forsøkte å definere einingar på ikkje-vilrkårleg vis, og dette passa godt, sidan folkevett stod sentralt til ideen for revolusjonen.

I Noreg vart systemet vedteke ved lov 22. mai 1875, og kjend gyldig frå 1. juli 1882. I Danmark ved lov 4. mai 1907, kjend gyldig frå 1. april 1916, Sverige ved lov 22. november 1878 kjend gyldig frå 1. januar 1889, og Finland ved lov 16. juli 1886 kjend gyldig frå 1. januar 1892.

Einingar

Dei sju fysisk definerte grunneiningane og to geometrisk definerte supplementseiningane er blitt kombinerte til ulike avleia einingar. Sjølv om SI-systemet har einingar som dekker så godt som alle mål, finst det ein del einingar som er særs utbreidt i daglegtale utan å inngå i sjølve systemet og som ein har blitt samde om å bruke som tilleggseiningar.

Grunneiningar

Sekund, her markert med ein raud visar på ei klokke, er ei grunnleggjande SI-eining.
EiningSymbolStorleik
metermlengd
kilogramkgmasse
sekundstid
ampereAelektrisk straum
kelvinKtemperatur
candelacdlysstyrke
molmolstoffmengd

Supplementseiningar

Avleia einingar

EiningSymbolStorleik
newtonNkraft
hertzHzfrekvens
jouleJenergi
wattWeffekt
pascalPatrykk
lumenlmlysfluks
luxlxlysmengd per areal
coulombCelektrisk ladning
voltVelektrisk spenning
ohmΩelektrisk motstand
faradFelektrisk kapasitans
weberWbmagnetisk fluks
teslaTmagnetisk flukstettleik
siemensSelektrisk leiingsevne
henryHinduktans
grader Celsius°CCelsius-temperatur
becquerelBqradioaktivitet
grayGyabsorbert strålingsdose
sievertSvekvivalentdose
katalkatkatalytisk aktivitet

Tilleggseiningar

Prefiks

NamnSymbolFaktor NamnSymbolFaktor NamnSymbolFaktor NamnSymbolFaktor
yottaY1024 gigaG109 desid10-1  pikop10-12
zettaZ1021 megaM106 centic10-2 femtof10-15
exaE1018 kilok103 millim10-3 attoa10-18
petaP1015 hektoh102 mikroµ10-6 zeptoz10-21
teraT1012 dekada101 nanon10-9 yoctoy10-24

Sjå au

Bakgrunnsstoff

  • bipm.fr, Bureau International des Poids et Mesures
  • nist.gov, National Institute of Standards and Technology