Sentripetalkraft

Sentripetalkraft er ei kraft som gjer at ein lekam følgjer ein krum bane: ho er alltid ortogonal til snøggleiken til lekamen, mot det momentane senteret for krumminga til banen.[1][2] Uttrykket sentripetalkraft kjem frå dei latinske orda centrum («senter») og petere («tendere mot», «sikte på»), som syner til at krafta er retta innover mot sentrum av krumminga til banen. Isaac Newton skildra det som: «Ei sentripetalkraft er krafta som gjer at lekamar vert trekte eller drivne fram, eller på ein eller annan måte går i retning mot eit punkt, med omsyn til eit senter».[3]

Berg- og dalbanevogner vert pressa gjennom ei løkke ved at banen utøver ei sentripetalkraft på dei. Den reaktive sentrifugalkrafta på vognene, knytt til tregleiken deira, held dei i banen sin.
Figur 1: Eit enkelt døme på uniform sirkelrørsle. Ei kule bunden til ein rotasjonsakse som roterer mot klokka rundt ein bane med konstant vinkelsnøggleik ω. Snøggleiken til kula er ein vektor tangent til banen og endrar kontinuerleg retning.

Formel

Storleiken til sentripeltalkrafta til ein lekam er massen m med ein viss fart v langs ein bane med krummingsradius r:[4]

Retninga til krafta er retta inn mot senteret av sirkelen som lekamen flyttar seg langs, eller sirkelen som best passar den lokale banen til lekamen om banen ikkje er sirkulær.[5] Krafta vert stundom òg skriven med vinkelsnøggleiken ω til lekamen rundt senteret til ein sirkel:

Kjelder til sentripetalkrafta

For ein satellitt i bane rundt ein planet, er den delvis verkelege sentripetalkrafta eit resultat av den klassiske newtonske gravitasjonsmodellen mellom satellitten og planaten. Tyngdekreftene på kvar lekam verkar mot den andre, som er mot massesentrumet til dei to lekamane. For lekamar i krinslaup er dette tyngdesentrumet sentrumet for sirkulære krinslaup. For ikkje-sirkulære krinslaup eller trajektoriar, er det berre komponenten til tyngdekrafta som er ortogonal til banen (mot senteret av smygekurven) som vert kalla sentripetalkrafta. Den andre komponenten aukar eller sakkar ned farten til satellitten i banen.[6] Enkelte kjelder, inkludert Newton, omtalar heile tyngdekrafta som sentripetal, sjølv om ho ikkje strengt tatt er sentripetal når banen ikkje er sirkulær[7].

For ein lekam som er festa til enden av eit tau og som roterer rundt ein vertikal rotasjonsakse, er sentripetalkrafta den horisontale komponenten til spenninga i tauet, som verkar mot rotasjonsaksen. For ein lekam som spinn rundt er det den indre trekkspenninga som gjev sentripetalkreftene som gjer at delane av lekamen flyttar seg i lag i sirkelrørsler.

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

🔥 Top keywords: HovudsideSpesial:SøkCarles PuigdemontMarie AntoinetteSpesial:Siste endringarVerdas landDet norske alfabetetPeer Gynt-prisenEWikipedia:KontaktKrøllalfaDiktAndre verdskrigenSionistWikipedia:ArbeidskontoretNasjonaldyrOslo kommuneWikipedia:OmChampions LeagueHjelp:InnhaldCristiano RonaldoBergen kommuneWikipedia:VelkomenAsker kommuneNasjonalrettWikipediaTidslinje over norsk historieNazismeArab al-Aramshe17. aprilWikipedia:Utvald artikkelPaparoa nasjonalpark27-årsklubbenEli Kari GjengedalIngvild KjerkolUSAMBrennverdiJordbruksrevolusjonen