Vekta

Vekta (frå latin Libra) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. Det er forholdsvis lyssvakt og ingen av stjernene er høgare enn første storleiksklasse. Stjernebiletet ligg mellom Jomfrua i vest og Skorpionen i aust.

Vekta
Vekta
Vekta
Latinsk namnLibra
ForkortingLib
GenitivsformLibrae
SymbologiVektstanga
Rektasensjon15 h
Deklinasjon−15°
Areal538 kvadratgrader
nr. 29 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
2
Sterkaste stjerneZubeneschamali (β Lib) (2,6. mag.)
Meteorsvermar
  • Mai-libridane
Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +65° og −90°

Kjende objekt

Stjerner

Stjernebiletet Vekta slik det er for det nakne auga. AlltheSky.com

Dei mest lyssterke stjernene i Vekta dannar eit firkant som gjer det lett å finne. Alfa Librae eller Zubenelgenubi er ei dobbeltstjerne som er mogeleg å skilje frå kvarandre i ein kikkert. Ho ligg 77 lysår frå jorda. Primærstjerna er ei blåkvit stjerne med storleiksklasse 2,7 og den sekundære er ei kvit stjerne med storleiksklasse 5,2. Det tradisjonelle namnet tyder «den sørlege kloa». Zubeneschamali (Beta Librae) er den tilsvarande «nordlege kloa» til Zubenelgenubi. Ho er den mest lyssterke stjerna i Vekta, ei grønfarga stjerne med storleiksklasse 2,6, 160 lysår frå jorda. Gamma Librae vert kalla Zubenelakrab, som tyder «skorpionkloa». Ho er ei oransje kjempe med storleiksklasse 3,9, 152 lysår frå jorda.[1]

Vekta har fleire andre dobbeltstjerner og optiske dobbelstjerner. Iota Librae er ei multippel stjerne, 377 lysår frå jorda, med både optiske og verkelege komponentar. Primærstjerna er ei blåkvit stjerne med storleiksklasse 4,5. Ho er ei dobbeltstjerne, men sjølv i store amatørteleskop kan ein ikkje sjå dei to komponentane, som har ein periode på 23 år. Sekundærstjerna, som er synleg i små teleskop som ei stjerne med storleiksklasse 9,4, er ei dobbeltstjerne med to komponentar med storleiksklasse 10 og 11. Det er òg ein optisk komponent i Iota Librae; 25 Librae er ei stjerne med storleiksklasse 6,1, 219 lysår frå jorda og synleg i kikkert. My Librae er ei dobbeltstjerne som er mogeleg å skilje i mellomstore amatørteleskop, 235 lysår frå jorda. Primærstjerna har storleiksklasse 5,7 og den sekundære har storleiksklasse 6.8.[1]

Det er mange variable stjerner i Vekta. Delta Librae er ei Algol-type formørkande variabel stjerne, 304 lysår frå jorda. Ho har ein periode på 2 dagar og 8 timar. Den minste storleiksklassen på 5,9 og den største storleiksklassen er 4,9. FX Librae eller 48 Librae er ein Gamma Cassiopeiae-variabel med storleiksklasse 4,9. Skalstjerner, som Pleione og Gamma Cassiopeiae, er blå superkjemper med ujamne variasjonar skapt av unormal høg rotasjon. Dette kastar ut gass frå ekvator av stjerna.[1]

σ Librae vart tidlegare kalla γ Scorpii trass i at ho ligg godt innafor grensa til Vekta. Ho fekk først ny nemning som σ Librae i 1851 (av Benjamin A. Gould).

Djupromsobjekt

Vekta har ein lys kulehop, NGC 5897. Her er òg ei open hop, 40 000 lysår frå jorda, han er forholdsvis stor og har ein samla storleiksklasse på 9.[1]

Planetsystem

Stjerna Gliese 581 har eit planetsystem som består av minst seks planetar. Både Gliese 581 d og Gliese 581 g er lovande kandidatar for planetar med liv, men det er usikkert om Gliese 581 g finst.[2] Gliese 581 c vert rekna som den første jordliknande eksoplaneten som er funnen innafor den habitable sona til stjerna si. Gliese 581 e er kanskje den eksoplaneten med lågast masse ein har funne i bane kring ei normal stjerne [3] Alle desse eksoplantane er viktige for å kunne skape sannsyn for liv utafor solsystemet.[4]

Gruppa av mogelege habitable planetar vart utvida seint i september 2010 med eksplanetar kring raud dverg-stjerner på grunn av Gliese 581 g, som er ein planet i den habitable sonen. Planeten har bunden rotasjon og vêrstudiar indikerer at planetar med bunden rotasjon kring raude dvergar, likevel kan ha liv.[5][6]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Libra (stjernebilete)


🔥 Top keywords: HovudsideSpesial:SøkCarles PuigdemontMarie AntoinetteSpesial:Siste endringarVerdas landDet norske alfabetetPeer Gynt-prisenEWikipedia:KontaktKrøllalfaDiktAndre verdskrigenSionistWikipedia:ArbeidskontoretNasjonaldyrOslo kommuneWikipedia:OmChampions LeagueHjelp:InnhaldCristiano RonaldoBergen kommuneWikipedia:VelkomenAsker kommuneNasjonalrettWikipediaTidslinje over norsk historieNazismeArab al-Aramshe17. aprilWikipedia:Utvald artikkelPaparoa nasjonalpark27-årsklubbenEli Kari GjengedalIngvild KjerkolUSAMBrennverdiJordbruksrevolusjonen