Vietnamkrigen

(Omdirigert frå Vietnam-krigen)

Vietnamkrigen er ei nemning på krigshandlingar i Vietnam frå 1956 eller 1959;[5][6] Nokre av handlingane i den krigen, skjedde i Laos og Kambodsja. Sør-Vietnam vart erobra av Nord-Vietnam i 1975, og krigen vart slutt.

Vietnamkrigen
Del av Den kalde krigen

Dato26. september 1959 - 15. mai 1975
StadVietnam

Kambodsja
Laos

KrigsårsakAmerikansk frykt for eitt spreidd kommunistisk Asia
ResultatNordvietnamesisk siger
  • Nord-Vietnamt vart ikkje erobra av Sambandsstatane (USA)[1][2].
  • Tilbaketrekking av amerikanske troppar i 1973, i henhold til ei våpenkvile-avtale.
  • Nord-Vietnam erobra Sør-Vietnam, og sameinte Vietnam under sosialistisk styre
Endringar i landområdeSør-Asia
Partar
Anti-kommunistiske styrkar:

Støtta av:

Kommunistiske styrkar:

Paramilitære styrkar:

Støtta av:

  • Flagget til Cuba Cuba - finansiell og medisinsk støtte
Kommandantar
Flagget til Sør-Vietnam Ngo Dinh Diem

Flagget til Sør-Vietnam Nguyen Van Thiệu
Flagget til Sør-Vietnam Nguyen Cao Ky
Flagget til Sør-Vietnam Cao Van Vien
Flagget til Sør-Vietnam Ngo Dinh Nhu
Flagget til Sør-Vietnam Duong Van Minh
Flagget til Sør-Vietnam Nguyen Thanh
Det amerikanske flagget Lyndon Baines Johnson
Det amerikanske flagget Richard Nixon
Det amerikanske flagget Robert McNamara
Det amerikanske flagget Clark Clifford
Det amerikanske flagget Melvin Robert Laid
Det amerikanske flagget Henry Kissinger
Flagget til Sør-Korea Park Chung-hee
Flagget til Sør-Korea Chae Myung-shin
Flagget til Sør-Vietnam Lee Se-hoo
Flagget til Kambodsja Lon Nol
Flagget til Kambodsja Sosthene Fernandez
Flagget til Laos Savang Vatthana
Flagget til Thailand Thanom Kittikachorn
Det filippinske flagget Ferdinand Marcos
Flagget til New Zealand Keith Holyoake
Flagget til New Zealand Dean Eyre
Flagget til New Zealand David Thompson
Flagget til New Zealand Allan MacCready
Flagget til Australia Robert Menzies
Flagget til Australia Harold Holt
Flagget til Australia John Gorton
Flagget til Australia Paul Hasluck
Flagget til Australia Ted Serong
Flagget til Republikken Kina Chiang Kai-shek

Flagget til Vietnam Ho Chi Minh

Flagget til Vietnam Le Duan
Flagget til Vietnam Ton Duc Thang
Flagget til Vietnam Pham van Dong
Flagget til Vietnam Le Duc Tho
Flagget til Vietnam Vo Nguyen Giap
Flagget til Vietnam Van Tien Dung
Flagget til Nord-Korea Kim Il-sung
Den kinesiske flagget Mao Zedong
Den kinesiske flagget Xin Jiwei
Det sovjetiske flagget Nikita Khrusjtsjov
Det sovjetiske flagget Leonid Brezhnev
Det sovjetiske flagget Rodion Malinovski
Det sovjetiske flagget Andrei Grechko
Nguyen Huu Tho
Tran Van Tra
Tran Do
Nguyen Van Linh
Vo Chi Chong
Hu`yn Tãn Phát
Flagget til Laos Kaysone Phomvihane
Flagget til Laos Souphanouvong
Pol Pot
Nuon Chea
Khieu Samphan

Styrkar
Sør-Vietnam: 850 000

USA: 536 100

Sør-Korea:50 000

Kambodsja (khmer republikk): 250 000

Laos: 35 000

Filippinane: 10 450

Thailand: 11 568

New Zealand: 552

Australia: 7672

Taiwan (republikken Kina): 31

Spania: 13 (legar)

Totalt: Rundt 1 751 386

Nord-Vietnam: 287 465

FNL (Viet Cong): 520 000

Nord-Korea: 300-600

Kina: 170 000

Sovjetunionen: 3 500

Pathet Lao: 2 500

Raude Khmer: 70 000[3]

Totalt: Rundt 1 053 915

Tap
Sør-Vietnam: 300 000

USA: 58 220

Sør-Korea: 5 099

Kambodsja (khmer republikk): 15 000

Laos: ? (fleire tusen)

Thailand: 350

Filippinane: ?

New Zealand: 37

Australia: 520

Taiwan: 0

Spania: 0

Totalt: Over 379 226 drepne

Viet Cong: 172 000[4]

Nord-Vietnam: omstridd, fleire hundre tusen drepne. Ifølge australske styresmakter 920 000 drepne frå Nord-Vietnam og FNL

Nord-Korea: ?

Kina: 1 446

Sovjetunionen: 16 drepne i kamp

Pathet Lao: 200

Raude Khmer: 5 000

Totalt: 1 098 662

Sivile tap:
  • Vietnamesarar (sør- og nord): 1 til 2 millionar drepne.
  • Laotar: 70 000 - 250 000 drepne.
  • Kambodsjanarar: 250 000 - 700 000 drepne.
  • Totalt: 1 320 000 - 2 950 000 drepne.

Nasjonar som tok soldater til Vietnam for å støtta Sør-Vietnam, var Sambandsstatane (USA), Sør-Korea,Thailand,Filippinane,New Zealand,Australia,Taiwan og Noreg (som uoffisielt bidrog med tenestemenn fra sine væpna styrkar[1][2][7].

Kina, Sovjetunionen og Nord-Korea gav militær støtte til Nord-Vietnam.

Talet på drepne i Vietnamkrigen er omstridd. Dei sivile tapa er ofte anslått for å vere mellom 1 og 2 millionar i Vietnam og mellom 320 000 og 950 000 i Kambodsja og Laos. Borgarkrigen i Laos var i gang før Vietnamkrigen; under delar av borgarkrigstida der - fans òg ein stedfortreder-krig i Laos (blant anna mellom Vietnam og USA), som er rekna som ein del av Vietnamkrigen. Nokre kjelder skriv at Vietnamkrigen spreidde seg til Kambodsja.

Namna

Dokker av Charles de Gaulle og Ho Chi Minh blir hengde i Saigon i juli 1954

I Vietnam er krigen kjend som den amerikanske krigen, motstandskrigen mot amerikanarane (vietnamesisk: Kháng chiến chống Mỹ), den amerikanske krigen, eller Vietnam-krigen (Chiến tranh Việt Nam), eller Chiến Tranh Chống Mỹ Cứu Nước.

Delar av Borgarkrigen i Laos er rekna som ein del av Vietnamkrigen.

Bakgrunn

Vietnamkrigen hadde bakgrunn i den såkalla Indokinakrigen frå 1946 til 1954. Ho Chi Minh erklærte landet sjølvstendig frå Frankrike den 2. september 1945, men frigjeringskampane pågjekk fram til 1954. Vietnam fekk sjølvstende, men vart delt langs den 17. breiddegraden.

Fredsforhandlingane gjekk føre seg i Geneve. I fylgje Geneve-avtala skulle det haldast fritt val innan to år. I samband med valet var det tenkt at landet skulle sameinast. Det vart rekna med at Ho Chi Minh og rørsla Viet Minh ville vinna eit slikt val. USA støtta opprusting av ein sør-vietnamesisk hær som skulle kunna ta herredømet i landet med makt. I 1959 oppretta den sør-vietnamesiske presidenten Ngo Dinh Diem ein komité som etter deira syn skulle syrgja for å frigjera Nord-Vietnam. For USA var det viktig under den kalde krigen å hindra at eit strategisk land i Asia vart kommunistisk og allierte seg med Sovjetunionen.

Nord-Vietnam vart kommunistisk styrt under leiing av Ho Chi Minh. Sør-Vietnam orienterte seg mot USA. Ngo Dinh Diem vart i sør president for Republikken Vietnam i oktober 1955. Regimet i sør var ført upopulært på grunn av mellom anna korrupsjon. Diem svara på protestane med terror. Tusental menneske vart drepne eller fengsla. Som ein reaksjon på utviklinga i sør vart privat eigedom konfiskert i nord. Ein byråkratisk styrt kommandoøkonomi vart oppretta. Nord-Vietnam stødde etter kvart opp om å oppretta ein nasjonal frigjeringsfront i sør. Frigjeringsfronten vart kalla FNL etter forkortinga av namnet på fransk språk(Front National de Liberation).

USA sende militære rådgjevarar som skulle hjelpa Sør-Vietnam. Rådgjevarane vart etter kvart mange, og dei vart med i kampar mot geriljastyrkar. Mot slutten av 1961 fanst det 1 500 amerikanske soldatar i Vietnam, eitt år seinare nær 10 000. I 1963 vart Diem avsett, men regimet i sør vart stendig svakare.

Borgarkrig i Laos (frå 1953)

Borgarkrigen i Laos starta den 9. november 1953 (og nokre reknar dette som starten på den andre indokinesiske krig). Borgarkrigan vart (etterkvart) ein del av Vietnamkrigen; væpna styrker frå utlandet kjempa i Laos, til dels i ein stedfortrederkrig.

Historie

Kva tid krigen starta, er omstridd. Hendingar nemnde som starten, er

  • desember 1956, då tyresmaktene i Nord-Vietnam autoriserte at Viet Cong-styrkar i Sør-Vietnam kunne gjere opprør mot styresmaktene i sør.[5]
  • 26. september 1959, då det fyrste slaget mellom Viet Cong og hæren til Sør-Vietnam fann stad.[6]

I 1964 vart krigshandlingane trappa kraftig opp. Den 4. august 1964 skal nokre torpedobåtar frå Nord-Vietnam ha gått til åtak på amerikanske krigsfartøy i internasjonalt farvatn. I fylgje USA fann åtaket stad i Tonkinbukta. Den amerikanske kongressen godkjende 7. august den såkalla Tonkinresolusjonen. Som følgje av vedtaket, fekk presidenten fullmakt til å gjera dei tiltaka han fann naudsynte. President Johnson lét Nord-Vietnam verta bomba, og andre krigshandlingar vart trappa opp.

Amerikanske styrkar i 1966. Helikopter vart mykje nytta til transport

USA vart etter kvart med i ein utmattings- og geriljakrig mot den nord-vietnamesiske hæren. I tillegg kom den sør-vietnamesiske geriljarørsla til FNL, av motstandarane kalla Viet Cong (Viet Nam Cong San, «vietnamesiske kommunistar»).

I byrjinga av 1968 var det nær ein halv million amerikanske soldatar i Vietnam. I tillegg kom meir enn 600 000 mann i hæren til Sør-Vietnam og fleire tusen soldatar frå Sør-Korea, Thailand, Australia og Filippinane. Massive bombetokt vart nytta for å utsletta fienden. I tillegg nytta ein stoff som napalm[8] og andre kjemiske stoff, som Agent Orange, for å fjerna lauv i skogsområde.[9]

Skogane og landsbygda var område som for ein stor del var kontrollert av geriljaen. Trass i stort teknologisk overtak klarte ikkje USA å setja geriljaen ut av spel. Nord-Vietnam og geriljaen klarte ved fleire høve å slå attende og organiserte mot-offensivar. Det synte seg at styresmaktene i sør i røynda hadde liten stønad i folket.

Etter som dei amerikanske tapa voks, vart antikrigsrørsla i USA sterkare. Dei amerikanske presidentane fekk eit stendig sterkare press mot seg med krav om å få ein slutt på krigen.

Etter våpenkvile-avtala (i 1973)

I byrjinga av 1973, etter fleire år med forhandling, gjekk USA til slutt med på ei avtale om våpenkvile. Nokre månader etterpå reiste dei fleste amerikanske soldatane. Våpenkvila braut snart saman og krigen i Sør-Vietnam tok til att. Kampmoralen til Sør-Vietnam sine styrkar og styresmakter synte seg å vera låg.

Tidleg i 1975 invaderte styrkar frå nord. Dei vann snøgt kontroll over heile Sør-Vietnam. Hovudstaden Saigon vart teken den 30. april 1975. Nord-Vietnam sameina både nord og sør den 2. juli 1976 i den sosialistiske republikken Vietnam. Saigon fekk endra namn til Ho Chi Minh-byen til ære for den tidlegare presidenten i Nord-Vietnam.

Land som kriga

LandStørste tal soldatarTal døde
Sambandsstatane536 10058 220
Sør-Korea50 0005 099
Thailand11 568350
Sør-Vietnam850 000300 000
Nord-Vietnam287 465
(Den vietnamesiske hæren
920 000
Nord-Vietnam og FNL
Australia7 672520
New Zealand55237
Spania130
Republikken Kina (Taiwan)310

Ifølgje australske styresmakter

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Vietnamkrigen

Kjeldar

  • Olson, James S.; Roberts, Randy (2008). Where the Domino Fell: America and Vietnam, Where the Domino Fell: America and Vietnam 1945–1995 (5th ed.). Malden, Massachusetts: Blackwell Publishing. ISBN 978-1405182225.

Referansar