Hopp til innhald

Liljeslekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Liljeslekta
Systematikk
Rike:Planteriket Plantae
Overrekkje:Landplantar Embryophyta
Rekkje:Karplantar Tracheophyta
Underrekkje:Frøplantar Spermatophytes
Orden:Liljeordenen Liliales
Familie:Liljefamilien Liliaceae
Underfamilie:Lilioideae
Slekt:Liljeslekta Lilium
L., 1753

Liljeslekta (Lilium) er ei planteslekt i liljefamilien av laukplantar som gjev store blomar. Ho er utbreidd i Eurasia og Nord-Amerika.

Artar i Noregendre wikiteksten

I Noreg er desse artane registrerte:[1][2]

Utbreiingendre wikiteksten

Plantane veks i store delar av Europa og Asia sørover til Nilgirifjella i India og Filippinane. I Amerika finn ein dei sør i Canada og i store delar av USA.

Utsjånadendre wikiteksten

Dei store, prangande blomane har seks kronblad, ofte lukt, og finst i ei rekkje fargar frå kvitt til gult til raudt. Dei kan vera einsfarga eller mønstra.

Liljelaukar er stiverike og kan etast som rotfrukter, men mange av dei har ein bitter smak. Laukar som ikkje er bitre, som L. lancifolium (tigerlilje), L. pumilum og særleg L. brownii, blir dyrka i stor skala i Kina som luksus- eller helsemat som hovudsakleg blir seld i tørka tilstand. Desse blir særleg etne om sommaren fordi dei har ein kjølande effekt på kroppen.

Taksonomiendre wikiteksten

Liljeslekta kan delast inn i seksjonar som her følgjer Comber.[6] Artsinndelinga følgjer World Checklist of Selected Plant Families,[7] medan taksonomien til seksjonen Pseudolirium er frå Flora of North America,[8] den til Liriotypus har teke med Resetnik et al. 2007,[9] taksonomien til kinesiske artar følgjer Flora of China[10] og taksonomien til Sinomartagon og Archelirion følgjer Nishikawa et al.[11][12]

Dei sju seksjonane er:

  • Martagon
  • Pseudolirium
  • Liriotypus
  • Archelirion
  • Sinomartagon
  • Leucolirion
  • Daurolirion

Nokre artar som tidlegare var med i liljeslekta er blitt flytt til andre slektar. Dette gjeld mellom anna Cardiocrinum, Notholirion, Nomocharis og Fritillaria.

Annan bruk av ordet «lilje»endre wikiteksten

Lilje blir òg brukt om store blomar i andre slekter, då gjerne i ei samansetjing, som vasslilje.

Kvinnenamn som Lilja, Lily og Susanna tyder 'lilje'.

Kjelderendre wikiteksten

Bakgrunnsstoffendre wikiteksten


🔥 Top keywords: HovudsideSpesial:SøkCarles PuigdemontMarie AntoinetteSpesial:Siste endringarVerdas landDet norske alfabetetPeer Gynt-prisenEWikipedia:KontaktKrøllalfaDiktAndre verdskrigenSionistWikipedia:ArbeidskontoretNasjonaldyrOslo kommuneWikipedia:OmChampions LeagueHjelp:InnhaldCristiano RonaldoBergen kommuneWikipedia:VelkomenAsker kommuneNasjonalrettWikipediaTidslinje over norsk historieNazismeArab al-Aramshe17. aprilWikipedia:Utvald artikkelPaparoa nasjonalpark27-årsklubbenEli Kari GjengedalIngvild KjerkolUSAMBrennverdiJordbruksrevolusjonen