Zuzana Čaputová

Zuzana Čaputová (IPA[ˈzuzana ˈtʃaputɔʋaː]; fødd 21. juni 1973 som Strapáková) er ein slovakisk jurist og politikar. Sidan 15. juni 2019 har ho vore president i Slovakia. Ho har i mange år vore miljøaktivist og stilte til val for det liberale partiet Progresívne Slovensko og fekk 58,4 % av røystene i presidentvalet. Ho har tidlegare vore advokat.

Zuzana Čaputová

Fødd21. juni 1973 (50 år)
Bratislava
Statsborgar avTsjekkoslovakia, Slovakia
Yrkejurist, politikar, aktivist, miljøvernar, advokat
Utdanna vedjuridisk fakultet ved Comenius-universitetet i Bratislava
Comeniusuniversitetet i Bratislava
EktefelleIvan Čaputa
SambuarPeter Konečný, Juraj Rizman
Alle verv
  • Slovakias president (2019–) Sjå dette på Wikidata

Liv og virke

Bakgrunn

Čaputová vart fødd i Bratislava i det tidlegare Tsjekkoslovakia. Ho studerte juss ved Comenius-universitet i Bratislava. Ho vart uteksaminert i 1996.[1] Ved sida av jusstudia yrkte ho i kommunalforvaltninga i Pezinok.

Frå 1998 yrkte Čaputová som prosjektleiar og med utvikling av lokalsamfunn.[1] I 2001 byrja ho å yrkja for Via Iuris, ein organisasjon som gjev juridisk bistand for å hjelpa folk med å forsvara rettane sine og taka del i offentlege avgjerder.

I 2017 forlét ho Via Iuris for å yrkja vidare som advokat med særleg tanke på miljøsaker. Čaputová er med i nettverket Environmental Law Alliance Worldwide (ELAW).[1][2]

Politikar

Čaputová har yrkt for å få oppheva amnestia Vladimír Mečiar innvilga då han var president i 1990-åra.[1] Ho har markert seg som miljøforkjempar, fyrst og fremst ved motstand mot ei søppelfylling i Pezinok.[3] For denne innsatsen vart ho i 2016 tildelt Goldman Environmental Prize.[4]

I 2018 tok ho del i det fyrste landsmøtet i det nystifta liberale partiet Progresívne Slovensko. Ho vart vald som ein av fleire nestleiarar.[5] Čaputová nemnde i samband med dette utdanning og helsevesen som hovudsakene sine, men også miljøvern og justispolitikk. I tillegg er kampen mot korrupsjon ei viktig sak for henne.[6]

I 2019 stilte ho som kandidat i presidentvalet. Čaputová fekk 40,5 % av røystene i fyrste valomgang, mot rivalen Maroš Šefčovič med sine 18,7 %. Dei to gjekk vidare til andre og avgjerande valomgang 30. mars.[7] Čaputová sitt kandidatur fekk støtte frå avtroppande president Andrej Kiska.[3] Ho vann omsider andre valomgang med 58,4 % av røystene.[8]

Čaputová tiltredde som president 15. juni 2019.[9] Ho var den fyrste kvinnelege og yngste presidenten nokon gong i Slovakia.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Zuzana Čaputová