Doha

Doha (arabisk الدوحة, ad-Dawḥa eller ad-Dōḥa) er hovudstad og den mest folkerike byen i Qatar. Doha har kring 900 000 innbyggjarar i sjølve byen.[1] Byen ligg på kysten av Persiabukta, aust i landet og er den raskast veksande byen i Qatar. Over 60 % av innbyggjarane i landet bur i Doha eller forstadane kring byen, og er det økonomiske senteret i landet. Han utgjer ein av kommunane i Qatar.

Doha
الدوح, ad-Dawḥa
by og kommune
Land Qatar
MunicipalityAd Dawhah
Koordinatar25°17′12″N 51°32′0″E / 25.28667°N 51.53333°E / 25.28667; 51.53333
Areal132 km²
Folketal 900 545  (2014)
Folketettleik6 822 / km²
Grunnlagd1825
Kart
Doha
25°18′00″N 51°32′00″E / 25.3°N 51.533333333333°E / 25.3; 51.533333333333
Kart over kommunen Doha i Qatar.
Kart over kommunen Doha i Qatar.
Kart over kommunen Doha i Qatar.
Wikimedia Commons: Doha

Doha vart grunnlagd i 1820-åra som ein avstikkar av Al Bidda. Han vart offisielt erklært hovudstaden i landet i 1971, då Qatar fekk sjølvstendet sitt.[2] Som den kommersielle hovudstaden i Qatar og ein av dei store finanssentera i Midtausten, vert Doha rekna som ein verdsby av Globalization and World Cities Research Network. Education City, eit område tileigna forsking og utdanning, ligg i Doha.

Byen har vore vertsby for mange idrettsarrangement, som Asialeikane i 2006, Dei panarabiske leikane i 2011 og dei fleste kampane i Asiacupen i 2011. I desember 2011 heldt World Petroleum Council det 20. konferansen sin i Doha.[3] I tillegg skal byen ha fleire kampar under fotball-VM i 2022.

Namn

Namnet «Doha» kan ha kome frå det arabiske Ad-Dawḥa, «det store treet».[4] Dette kan vise til eit markant tre som stod på staden der den opphavlege fiskelandsbyen låg, på austkysten av Qatarhalvøya. Alternativt kan det kome frå «dohat» — arabisk for bukt - og syne til Dohabukta kring cornichen.

Historie

Satellittbilete av Doha.

Grunnlegginga av Al Bidda

Doha vart grunnlagd då staden vart skild frå ein annan lokal busetnad kalla Al Bidda. Dei tidlegaste skriftlege kjeldene med Al Bidda er frå 1681, av Karmelittarklosteret, i eit dokument som omhandlar fleire busetjingar i Qatar. I dokumentet vert det nemnt ein herskar og eit fort i Al Bidda.[5][6] Carsten Niebuhr, ein europeisk reisande som vitja Den arabiske halvøya, laga eit av dei første karta som viste busetjinga i 1765, der han vart kalla 'Guttur'.[5][7]

David Seaton, ein britisk politisk innbyggjar i Flugat, skreiv den første engelskspråklege kjelda om Al Bidda i 1801. Han kalla byen 'Bedih' og skildra geografien og forsvarsverka i området.[8] Han skreiv at byen nyleg hadde vorte busett av den sudanske stamma Al-Suwaidi, som han rekna som sjørøvarar. Seaton prøvde å bombardere byen med krigsskipet sitt, men vendte attende til Flugat då han fann ut at farvatnet var for grunt til at krigsskipet hans kunne kome nærare.[9][10]

I 1820 vitja den britiske landmålaren R.H. Colebrook Al Bidda, og skreiv at byen nyleg var vorte avfolka. Han skreiv:[9][11]

«Guttur – eller Ul Budee var ein gong ein viktig by, verna av to firkanta Ghurries [fort] nær kysten; men utan ferskvasskjelder klarar dei ikkje å forsvare staden, utanom brå åtak frå beduinar. Ein annan ghurry ligg 3 km inn i landet og har ferskvatn. Denne kan ha to hundre mann. Det er kring 250 mann att i Ul Budee, men dei opphavlege innbyggjarane, som kan kome attende frå Bahrain, utgjer 900 eller 1 000 mann, og Doasir-stamma, som ofte vitjar staden som dykkarar, utgjer 600 til 800 menneske.»

Same året vart ein maritim avtale signert mellom Det britiske austindiske kompaniet og sjeikane i fleire busetjingar i Persiabukta (og somme av desse vart seinare kjend som Traktatkysten). Avtalen anerkjende britisk styre i Persiabukta og prøvde å få ein slutt på sjørøververksemda og slavehandelen. Bahrain vat ein del av avtalen, og ein trur at Qatar, som av britane vart rekna som ein koloni under Bahrain, var ein del av avtalen.[12] Qatar vart derimot ikkje beden om å heise Traktatflagget.[13] Som straff for at innbyggjarane i Al Bidda vart skulda for å ha delteke i sjørøververksemd, bombarderte eit fartøy frå Det britiske austindiske kompaniet byen i 1821. Dei raserte byen og tvang mellom 300 og 400 innbyggjarar på flykt, og dei måtte for ei stund søke ly på øyane mellom Qatar og Traktatkysten.[14]

Danninga av Doha

Doha vart grunnlagd nær Al Bidda ein gong i 1820-åra.[15] I januar 1823 vitja den politiske innbyggjarane John MacLeod Al Bidda for å møte herskaren og grunnleggjaren av Doha, Buhur bin Jubrun, som òg var høvding i Al-Buainain-stamma.[15][16] MacLeod skreiv at Al Bidda var den einaste større kjøpstaden på halvøya på den tida. Etter Doha vart grunnlagd, blanda dei skriftlege kjeldene ofte Al Bidda og Doha, sidan dei låg så nære kvarandre.[15] Seinare et året kartla og skildra løytnant Guy og løytnant Brucks dei to busetjingane. Trass i at dei vart kartlagd som to forskjellige busetjingar, vart dei begge kalla Al Bidda i dokumenta.[17][18]

Trigonometrisk planteikning av Al Bidda i 1823.

I 1828 var Muhammed bin Khamis, eit viktig medlem av Al-Buainain-stamma og etterkomaren til Buhur bin Jubrun som høvding i Al Bidda, innvikla i kontroversar. Han hadde myrda ein mann frå Bahrain, og Al Khalifa-sjeiken sette han i fengsel. Som svar gjorde Al-Buainain-stamma opprør, slik at Al Khalifa øydela fortet til stamma og dreiv dei bort til Fuwayrit og Ar Ru'ays. Denne hendinga let Al Khalifa få styre over byen.[19][20] Sidan Al Bidda og Doha i røynda ikkje hadde ein leiar, vart staden ein tilfluktsstad for sjørøvarar og lovlause.[21]

I november 1839 søkte ein lovlaus frå Abu Dhabi kalla Ghuleta tilflukt i Al Bidda, og dette skapte eit kraftig reaksjon hos britane. A.H. Nott, ein britisk marinekaptein, kravde at Salemin bin Nasir Al-Suwaidi, høvdingen for Sudan-stamma i Al Bidda, tok Ghuleta til fange og åtvara han om konsekvensane om han ikkje følgde kravet. Al-Suwaidi gjorde som britane bad om i februar 1840 og arresterte òg sjørøvaren Jasim bin Jabir og kompanjongane hans. Trass i at dei gjorde som dei fekk beskjed om, gav britane dei ei bot på 300 tyske kroner som kompensasjon for skadane som sjørøvarane hadde gjort ved kysten av Al Bidda. I februar 1841 kom ein britisk marineskvadron til Al Bidda og gav Al-Suwaidi ordre om å oppfylle det britiske kravet, og truga med at det kom til å få konsekvensar om han avslo. Al-Suwaidi avslo til slutt fordi han meinte han ikkje var involvert i handlingane til bin Jabir. Den 26. februar lausna britane eld mot Al Bidda, og råka eit fort og fleire hus. Al-Suwaidi betalte så bota etter britane truga med ytterlegare handlingar.[21][22]

Isa bin Tarif, ein mektig stammehøvding frå Al Bin Ali-stamma, flytta til Doha i mai 1843. Han kasta så ut den regjerande Sudan-stamma og sette inn stammene Al-Maadeed og Al-Kuwari i maktstillingane.[23] Bin Tarif hadde vore lojale til Al Khalifa, men kort tid etter at det vart sett inn ein ny herskar i Bahrain, vart bin Tarif stadig meir mistenksam mot dei regjerande Al Khalifa og byta truskap til den avsette herskaren i Bahrain, Abdullah bin Khalifa, som han tidlegare hadde vore med på å styrte. Bin Tarif døydde i slaget ved Fuwayrit mot den regjerande familien i Bahrain i 1847.[23]

Al Thani

Al Thani flytta til Doha frå Fuwayrit kort tid etter Bin Tarif døydde i 1847, leia av Muhammed bin Thani.[24][25] Dei neste åra tok Al Thani kontroll over byen. Til forskjellige tider byta dei truskap mellom dei to rådande maktene i området: Al Khalifa og saudiarabarane.[24]

I 1867 vart det sendt mange skip og soldatar frå Bahrain for å angripe byane Al Wakrah og Doha etter ei rekkje stridar. Abu Dhabi slo seg saman med Bahrain fordi dei meinte Al Wakrah var tilfluktsstad for flyktningar frå Oman. Seinare på året plyndra desse styrkane dei to qatarske byane med 2 000 mann i det som seinare er vorte kalla den qatarsk-bahrainske krigen.[26][27] Britiske dokument sa seinare: «at byane Doha og Wakrah vart, mot slutten av 1867, mellombels utsletta, husa rivne ned og innbyggjarane deporterte»".[28]

Doha i januar 1904.

Det samla åtaket frå Bahrain og Abu Dhabi og påfølgjande motåtak frå Qatar fekk den britiske politiske agenten, oberst Lewis Pelly, til å tvinge fram ein fredsavtale i 1868. Oppdraget til Pelly til Bahrain og Qatar og fredsavtalen som følgde, vert rekna som milepålar i den qatarske historia. Dette anerkjende implisitt at Qatar var fråskild Bahrain og eksplisitt stillinga til Muhammed bin Thani som ein viktig representant for stammene på halvøya.[29]

Kort tid etter krigen, tok osmanarane nominell kontroll over landet, og bygde ein base i Doha, etter samtykke frå Jassim Al Thani som ønskte å forsterke kontrollen sin over området. Før dette var Dohan ein skanse for beduinsoldatar som motsette seg det osmanske styret.[30] I desember 1871 gav Jassim Al Thani osmanarane løyve til å sende 100 soldatar og utstyr til Al Bidda.[31]

Doha i 1908

Usemje om skattar og innblanding i interne saker førte til slutt til slaget ved Al Wajbah i mars 1893. Al Bidda fort var den siste staden dei osmanske soldatane trekte seg attende til. Medan dei var i garnison i fortet, avfyrte korvetten deira eld mot byen, og tok livet av fleire sivile.[32] Osmanarane måtte til slutt overgje seg etter soldatane til Jassim Al Thani stoppa vassforsyninga til byen.[33] Ein osmansk rapport som kom same året sa at Al Bidda og Doha i lag hadde kring 6 000 innbyggjarar, og kalla begge byane for 'Katar'. Doha vart klassifisert som den austlege delen av Katar.[34][35] Osmanarane heldt ei passiv rolle i qatarsk politikk frå 1890-åra og frametter, før dei mista kontrollen over området under den første verdskrigen.[12]

1900-talet

Perledykking vart ein viktig industri i Doha på 1900-talet. Folketalet auka til kring 12 000 innbyggjarar på første halvdel av 1900-talet på grunn av den blømande perlehandelen.[36] Ein britisk, politisk innbyggjar skreiv at om perlesalet skulle svikte, så kom Qatar «i røynda til å forsvinne».[37] I 1907 hadde byen 350 perlebåtar med eit samla mannskap på 6300 mann. På denne tida hadde snittprisen på perler meir enn dobla segg sidan 1877.[38] Perlemarknaden kollapsa det året, og tvang Jassim Al Thani til å selje perleinnhaustinga det året for halv verdi. Etterverknaden av kollapsen førte til at den første tollbua i landet vart oppretta i Doha.[37]

Ein gammal bydel i Doha.

I april 1913 gjekk osmanarane med på britane sitt krav om å trekkje attende alle soldatane sine frå Qatar. I august 1915 vart det osmanske fortet i Al Bidda evakuert kort tid etter starten av den første verdskrigen.[39] Eit år seinare gjekk Qatar med på å verta eit britisk proktektorat med Doha som den offisielle hovudstaden.[40][41]

Bygningane på denne tida var enkle bustader med eitt eller to rom, bygde av leire, stein og korall. Oljekonsesjonar i 1920- og 1930-ra, og den første oljeboringa i 1939, var starten på ein langsam økonomisk og samfunnsmessig utvikling i landet. Men inntektene gjekk noko ned fordi perlehandelen i bukta forsvann då kulturperlene vart funnen opp og på grunn av den store depresjonen.[42] Kollapsen til perlehandelen førte til eit kraftig fall i folketalet gjennom heile landet.[36] Det var ikkje før i 1950- og 1960-åra at landet igjen fekk store inntekter, denne gongen frå olja.[12]

Det tok ikkje lang tid før Qatar utnytta den nye rikdomen frå oljekonsesjonane, og slumområda vart raskt fjerna og erstatta av meir moderne bygg. Dei første formelle guteskulane vart grunnlagde i Doha i 1952, og tre år seinare kom dei første jenteskulane.[43] Historisk sett hadde Doha vore ei lokal handelshamn. Det grunne vatnet i bukta hindra større skip frå å nå hamna før 1970-åra, då det vart bygde ei djupvasshamn. Fleire endringar følgde med omfattande landvinning, som førte til utviklinga av den halvmåneforma bukta.[44] Frå 1950- til 1970-åra voks folketalet i Doha frå kring 14 000 innbyggjarar til over 83 000, der utanlendingar utgjorde to tredjedelar av det samla folketalet.[45]

Doha i 1980-åra.

Etter sjølvstendet

Qatar vart offisielt sjølvstendig i 1971, og Doha vart hovudstaden i landet.[2] I 1973 opna Universitetet i Qatar etter ein resolusjon frå emiren,[46] og i 1975 vart Qatar nasjonalmuseum oopna i det som tidlegare var palasset til herskaren.[47] I 1970-åra vart alle dei gamle bydelane i Doha jamna med jorda og innbyggjarane flytta inn i nye forstader, som Al Rayyan, Madinat Khalifa og Al Gharafa. Folketalet i storbyområdet voks frå 89 000 i 1970-åra til over 434 000 i 1997. I tillegg førte landvinninga til at det samla landområdet auka til over 7 100 mål i 1995, ein auke frå 130 mål på midten av 1900-talet.[48]

Nyare utvikling i Doha.

I 1983 vart det utvikla eit hotell- og konferansesenter i nordenden av cornichen. Det 15 etasjar høge Sheraton hotel i sentrum av området var den høgaste bygningen i Doha fram til 1990-åra.[48] I 1993 vart Qatar Open det første store idrettsarrangementet i byen.[49] To år seinare var Qatar vertsland for ungdomsfotball-VM i 1995 og alle kampane vart spelte i Doha.[50]

Den arabiske nyhendekanalen Al Jazeera byrja sendingane frå Doha i 1996.[51] Seint i 1990-åra planla regjeringa bygginga av Education City, eit 2500 ml stort kompleks for utdanningsinstitusjonar i Doha.[52] Frå byrjinga av 2000-talet har Doha vore mykje i media som vertsby for fleire globale hendingar og store byggprosjekt.[53] Doha var vertsby for Asialeikane i 2006, og eit 250 mål stort idrettsanlegg, kalla Aspire Zone, vart utbygd.[49] På denne tida vart det bygd nye kulturattraksjonar i byen, og dei eldre vart restaurert. I 2006 sette regjeringa gang eit restaureringsprosjekt av Souq Waqif. Delar som var bygde etter 1950-åra vart øydelagd, medan dei eldre vart restaurerte. Dette stod ferdig i 2008.[54] Katara kulturlandsby opna i byen i 2010, og har vore vertskap for Doha Tribeca filmfestival sidan då.[55]

Geografi

Doha ligg sentralt og aust i Qatar, ved Persiabukta. Han grensar til Al Wakrah kommune i sør, Al Rayyan kommune i vest, Al Daayen kommune i nord og Umm Salal kommune i nordwest. Høgda er 10 meter over havet.[56] Doha er særs urbanisert. Landvinning av kysten har lagt til 400 mål med land og 30 km med kystlinje.[57] Halvparten av det 22 km² store arealet som Hamad internasjonale lufthamn ligg på, er på gjenvunne land.[58] Geologien i Doha består hovudsakleg av forvitra diskordans over Dammam-formasjonen frå eocen, av dolomittisk kalkstein.[59]

The Pearl, ei menneskeskapt øy utafor kysten av Doha.

The Pearl er ei kunstig øy i Doha med ei flate på nesten 4 km².[60] Det totale prosjektet har ein estimert pris på 15 milliardar dollar når det er ferdig.[61] Andre øyar utafor kysten av Doha er Palm Tree Island, Shrao, Al Safia og Alia.[62]

Klima

Doha har eit varmt ørkenklima (Köppen si klimaklassifisering BWh). Sommare er særs lang, frå mai til september, når temperaturen i snitt er over 38 °C og ofte opp mot 45 °C. Råma er vanlegvis lågast i mai og juni. Doggpunkttemperaturen kan ofte stige over 25 °C om sommaren. Gjennom sommaren er det neste ingen nedbør i det heile i byen, og mindre enn 20 mm kjem dei andre månadane.[63] Her kjem lite regn, kring 75 mm i året, som kjem på isolerte dagar mellom oktober og mars. Vintrane er varme og temperaturen går sjeldan under 7 °C.[64]

Vêrdata for Doha
JanFebMarAprMaiJunJulAugSepOktNovDesÅr
Høgast målte °C31,236394647,74948,24845,543,43832,249
Gjennomsnittleg maks °C21,72326,831,938,241,241,540,738,635,229,524,132,7
Døgnmiddeltemperatur °C1717,921,225,73133,934,734,332,228,924,219,226,7
Gjennomsnittleg min °C12,813,716,720,62527,729,128,926,523,419,51521,6
Lågast målte °C3,858,210,515,22123,522,420,316,611,86,43,8
Gjennomsnittleg nedbør mm13,217,116,18,73,600001,13,312,175,2
Gns. luftfukt (%)71706352444149556263667159
Gns. solskinstimar i månaden244,9224241,8273325,5342325,5328,6306303,8276241,83 432,9
Kjelde: NOAA (1962-1992) [64]


Demografi

Historisk folketal
ÅrInnb.  ±%  
1820[9]250—    
1893[35]6 000+2300.0%
1970[65]80 000+1233.3%
1986[2] 217 294+171.6%
2001[66] 299 300+37.7%
2004[2] 339 847+13.5%
2005[67][68] 400 051+17.7%
2010[69] 796 947+99.2%

Ein stor del av innbyggjarane i Qatar bur i Doha og storbyområdet kring. Bydelane med høagste folketettleik er sentrumsområdet Al Najada, med den høgaste folketettleiken i landet. Folketettleiken i Stor-Doha varierer frå 20 000 menneske per km² til 25 menneske per km².[70]

Den følgjande tabellen syner det samla folketalet i Stor-Doha.[71]

ÅrFolketal
1997434 000[48]
2004644 000[72]
2008998 651[73]

Folkesetnad og språk

Folkesetnaden i Doha er i stor grad utlendingar, og dei qatarske nasjonale er ein minoritet. Den største delen av utlendingane i Qatar kjem frå Søraust- og Sør-Asia, som India, Pakistan, Sri Lanka, Nepal, Filippinane, Bangladesh og Indonesia, men mange kjem òg frå dei arabiske landa, Nord-Afrika og Aust-Asia. Doha er òg heimstaden til mange utanlandske arbeidarar frå Europa, Nord-America, Sør-Afrika og Australia.[74]

Tospråkleg trafikkskilt i Doha.

Arabisk er det offisielle språket i Qatar. Engelsk vert ofte brukt som andrespråk,[75] og i aukande grad fellesspråk, særleg innan handel.[76] Sidan det finst mange utlendingar i Doha, vert det òg tala mykje tagalog, spansk, fransk og hindi.[74]

Religion

Dei fleste innbyggjarane i Doha er muslimar.[77] medan katolikkane utgjer over 90 % av dei 150 000 kristne i Doha.[78] Etter emiren sende resolusjonar som tildelte land for bygging av kyrkjer, vart den første katolske kyrkja opna i Doha i mars 2008.

Administrasjon

Kart over kommunar i Qatar.

Ifølgje Kommunaldepartementet, var Qatar kommune den første kommunen som vart grunnlagd i 1963. Seinare på året vart namnet endra til Doha kommune.[79] Qatar er delt inn i åtte kommunar.[80] Doha er den mest folkerike kommunen i landet med eit folketal på 796 947 i 2010.[1]

Bydelar

Det finst meir enn 60 bydelar i Doha kommune.[1] Somme av bydelane i Doha er:

  • Al Bidda (arabisk البدع)
  • Al Dafna (arabisk الدفنة)
  • Al Ghanim (arabisk الغانم)
  • Al Markhiya (arabisk المرخية)
  • Al Sadd (arabisk السد)
  • Al Waab (arabisk الوعب}})
  • Bin Mahmoud (arabisk فريج بن محمود)
  • Madinat Khalifa (arabisk مدينة خليفة)
  • Musheireb (arabisk مشيرب}})
  • Najma (arabisk نجمه}})
  • Old Airport (arabisk المطار القديم)
  • Qutaifiya (arabisk القطيفية)
  • Ras Abu Aboud (arabisk راس أبو عبود)
  • Rumeilah (arabisk الرميلة)
  • Umm Ghuwailina (arabisk ام غو يلينه}})
  • West Bay (arabisk الخليج الغربي)

Økonomi

Handelsdistriktet i Doha.

Doha er det økonomiske senteret i Qatar. Byen er hovudkvarteret for mange nasjonale og internasjonale organisasjonar, mellom anna dei største olje- og gassføretaka i landet, Qatar Petroleum, Qatargas og RasGas. Økonomien i Doha er i hovudsak bygd på inntektene frå petroleumsindustrien.[81]

Doha internasjonale lufthamn vart bygd for å auke turistindustrien i byen.[81] Denne vart erstatta av Hamad internasjonale lufthamn i 2014. Den nye flyplassen er ensten dobbel så stor som den førre, og har to av dei lengste rullebanane i verda.[82]

På grunn av rask folkevekst og stor etterspurnad etter bustader, har bustadprisane auka kraftig.[83] Det er venta at bustadprisane i Qatar vil fortsette å auke fram mot fotball-VM i 2022.[84]

Arkitektur

Den mest tradisjonelle arkitekturen i Gamle Doba er vorte øydelagd for å gje plass til nye byggverk.[85] Det er derfor gjort mykje dei seinare åra for å bevare kultur- og arkitektarva i byen.[86] Katara kulturlandsby er ein liten landsby i Doha oppretta av sjeik Tamim Al Thani for å bevare kulturidentiteten i landet.[87]

Doha nær Doha-cornichen.

I 2011var meir enn 50 skyskraparar under bygging i Doha,[88] og det største var Doha Convention Center Tower.[89] Bygginga vart stoppa i 2012 då ein var uroa over at tårnet kunne hindre flytrafikken.[90]

Samferdsle

Sidan 2004 er det gjort enorme forbetringar i transportnettverket i Doha, mellom anna nye motorvegar, opninga av ein ny flyplass i 2014, og for tida bygginga av eit 85 km langt metrosystem. Dette har kome som følgje av ein massiv vekst i Doha i løpet av kort tid, som har ført til store trafikkproblem. Den første fasen av metroutbygginga er venta å vere i drift i 2019.[91]

Utdanning

Education City

Doha er utdanningssenteret i landet og har flest skular og høgskular.[65] I 1952 vart den første formelle guteskulen opna i Doha. Tre år seinare kom den første jenteskulen.[92] Det første universitetet i landet, Qatar universitet, vart opna i 1973.[93] Dette har fråskilde fakultet for både kvinner og menn.[94]

Bygginga av Education City, eit 14 km² stort utdanningskompleks utbygd av den ideelle organisasjonen Qatar Foundation, starta i 2000.[95] Dette husar åtte universitet, dei beste høgskulane i landet og kontora til Al Jazeera sin barnekanal.[95]

Idrett

Fotball

Fotball er den mest populære idretten i Doha. Det finst seks fotballklubbar i Doha i den qatarske ligane. Desse er Al Ahli, Al Arabi, Al Sadd, El Jaish, Lekhwiya og Qatar SC.[96] Al Sadd, Al Arabi og Qatar SC er dei tre mest suksessrike laga i historien til ligaen.[97]

Det er vorte halde fleire fotballturneringar i Doha. Dei viktigaste har våre Asia-cupen i 1988 og 2011[98] og ungdoms-VM i fotball i 1995.[50]

I desember 2010 vann Qatar rettane til å få halde fotball-VM 2022.[99] Tre av ni nye stadion skal byggast ut i Doha, inkludert Sports City Stadium, Doha hamn stadion og Qatar universitet stadion. I tillegg skal Khalifa internasjonale stadion utvidast.[100]

Anna idrett

I 2001 vart Qatar det første landet i Midtausten som heldt ei tennisturnering for kvinner.[101]

Båtløp i Dohabukta.

Doha var vertsby for Asialeikane i 2006.[102]

Byen søkte om å få halde sommar-OL i 2016 og[103] sommar-OL 2020.[104]

MotoGP har løp kvart år i Doha ved Losail International Circuit, like utafor byen.[105] F1 Powerboat-VM har òg kvart år eit løp kring Dohabukta.[106]

Venskapsbyar

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Doha
Reiseguide for Doha frå Wikivoyage