Borsj

Borsj (også stava borsjtsj og borscht; ukrainsk og russisk stavemåte Борщ) er ein tradisjonell ukrainsk supperett[1][2][3] som er vanleg å servere i store delar av Aust-Europa. Hovudingrediensen er raudbete, men suppa inneheld som regel også forskjellige andre grønsaker og i mange tilfelle også kjøt.

Borsj servert med ein klatt smetana.

Raudbeter er basis for suppa. Når dei kokar gjev dei frå seg ein djupraud farge til suppa. Nokon inkluderer andre beter, poteter, kål, lauk og eventuelt kjøt når dei kokar borsj,[4] som gjerne vert servert med ein klatt smetana i (eit rømme-liknande mjølkeprodukt) og brød til.[5] Alternativt kan ein bruke litt rømme eller yoghurt om ein ikkje har tilgang på smetana.

I 2022 kunngjorde SN sin organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon (UNESCO) at dei hadde føydd borsj til lista over truga kulturelle tradisjonar, basert på risikoen for at Russlands invasjon av Ukraina kunne skade posisjonen til matretten som ein del av kulturarven til Ukraina.[6][7] Den nye statusen gjer at Ukraina kan søkje om middel for å promotere og beskytte borsj.

Kjelder