Britiske oversjøiske territorium

Britiske oversjøiske territorium (engelsk British overseas territories; tidlegare kjent som biland eller kronkoloniar) er territorium som er underlagde britisk overhøgleik utan å vera ein del av Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland. Desse omfattar i dag fjorten territorium med historiske og administrative band til Storbritannia.[1][2][3] Britiske oversjøiske territorium må haldast fråskilde frå kroneige, som har eit anna konstitusjonelt tilhøve til Storbritannia, og protektorat, som formelt ikkje var underlagt britisk overhøgleik. Dei må heller ikkje forvekslast med Samvelde-kongerike, som er suverene statar med den britiske monarken som statssjef.

Plasseringa til dei ulike britiske oversjøiske territoria.

Tidlegare blei kronkoloniar administrert direkte frå tenestemenn utpeikte av den britiske regjeringa. I dag er dei fleste britiske oversjøiske territoria meir eller mindre sjølvstyrte, berre avhengig av Storbritannia når det gjeld forsvar, utanrikssaker og handel.

Oversjøiske territorium har aldri vore sett på som del av Storbritannia og har aldri vore representerte i det britiske parlamentet, med den grunngjevinga at dei er separate jurisdiksjonar. Dronning Elizabeth II er statssjef i dei oversjøiske territoria som dronning av Storbritannia, ikkje som dronning av kvart territorium. Dette til skilnad frå Samvelde-kongerika, som Canada eller Australia, der dronninga har ei uttrykkjeleg rolle i kvart kongerike som «dronning av Canada» eller «dronning av Australia».

Monarken utnemner ein guvernør for kvart territorium som handlar på vegner av han eller henne og er ansvarleg for den indre tryggleiken i territoriet, samt opptrer som ein delegat mellom territoriet og den britiske regjeringa. Guvernøren har makt til å oppløysa den lovgjevande forsamlinga i territoriet og må sanksjonera alle nye lover. Guvernøren er vanlegvis frå Storbritannia.

Nåverande oversjøiske territorium

FlaggVåpenNamn på territorietPlasseringMottoArealFolketalHovudstad
AnguillaKaribiaStrength and Endurance (‘Styrke og uthald’)102 km²
(39.4 sq mi)
12,800The Valley
BermudaAtlanterhavetQuo fata ferunt (‘Om skjebnen tek vare på [oss]’)53,3 km²64 482Hamilton
Britisk AntarktisAntarktisResearch and discovery (‘Forsking og oppdaging’)1,709,400 km²200 (mannskap)Rothera forskningsstasjon (hovudbase)
Det britiske territoriet i IndiahavetIndiahavetIn tutela nostra Limuria (‘Limuria er vårt ansvar’)60 km²3 200 militære og anna mannskapDiego Garcia (base)
Dei britiske jomfruøyaneKaribiaVigilate (‘Ver på vakt’)153 km²21 730Road Town
CaymanøyaneKaribiaHe hath founded it upon the seas (‘Han hev grunnlagt det på hava’)260 km²46 600George Town
FalklandsøyaneSør-AtlanterenDesire the right (‘Trø etter det rette’)12 173 km²2 967Stanley
GibraltarSør-EuropaNulli expugnabilis hosti (‘Uovervinneleg for fiendar’)6.5 km²27 776Gibraltar
MontserratKaribiaEach Endeavouring, All Achieving (‘Kvar ein strebar, alle utretter’)102 km²9 000Plymouth (forlaten på grunn av vulkanutbrot — de facto-hovudstad er Brades)
PitcairnøyaneStillehavetUkjent (moglegvis Come, ye blessed då dette er namnet på nasjonalsongen (‘Kom, de signa’)43 km²
(alle øyene)
67Adamstown
Saint Helena, (Ascension, Tristan da Cunha)SøratlanterenLoyal and unshakeable (‘Lojal og urokkeleg’)410 km²
(alle øyane)
6 563Jamestown
Sør-Georgia og Sør-SandwichøyaneSøratlanterenLeo terram propriam protegat (‘La løva verna om sitt eige land’)3 903 km²11-26 (mannskap)King Edward Point/Grytviken
Dei suverene baseområda Akrotiri and DhekeliaMiddelhavet (på Kypros)Dieu et mon droit (fransk: «Gud og min rett»)254 km²15 000 (nesten halvparten er britisk mannskap og militære)Episkopi Cantonment
Turks- og CaicosøyaneKaribiaOne people, one nation, one destiny (‘Eitt folk, éin nasjon, éin skjebne’)430 km²21 500Cockburn Town

Kjelder