Kazuo Ishiguro

Kazuo Ishiguro (fødd 8. november 1954 i Nagasaki i Japan) er ein britisk romanforfattar. Ishiguro vart tildelt Nobelprisen i litteratur i 2017 for sine «romanar med stor emosjonell kraft [som] har avdekt avgrunnen under vår illusoriske kjensle av samband med verda.»[1][2]

Kazuo Ishiguro

Verkeleg namnjapansk カズオ・イシグロ kanji 石黒一雄 Ishiguro Kazuo
StatsborgarskapStorbritannia, Japan
Fødd8. november 1954 (69 år)
Nagasaki
Yrkeromanforfattar, skribent, manusforfattar, forfattar, science fiction-forfattar, songtekstforfattar, låtskrivar
Medlem avRoyal Society of Literature, American Academy of Arts and Sciences
FarShizuo Ishiguro
MorShizuko Ishiguro
EktefelleLorna MacDougall
BornNaomi Ishiguro
Kazuo Ishiguro på Commons

Liv og virke

Ishiguro vart fødd i Nagasaki i Japan, som barn av Shizuo, ein oseanograf, og Shizuko, ei heimeverande husmor.[3] Familien flytta til England i 1960 då faren hans fekk ei stilling ved National Institute of Oceanography i Guildford i Surrey.[4] Ishiguro gjekk på Stoughton Primary School i Guildford (1960-1966) og på Woking County Grammar School (1966-1973). Etter eit friår, der han m.a. haika omkring i Nord-Amerika, byrja han å studera filosofi og engelsk på University of Kent.[5] Han avbraut studia i eitt år etter det første året og arbeidde som sosialarbeid i Glasgow. Det var på denne tida at han for alvor tok til å skrive litteratur. Han tok bachelorgraden ved University of Kent i 1978, tok eit nytt friår frå studia og arbeidde som sosialarbeidar i London medan han drøymde om å verta musikar.[6][7] I 1979 byrja han å studera skrivekunst ved University of East Anglia og tok mastergraden i 1980.[8][9][10] Forfattarane Angela Carter og Malcom Bradbury var blant lærarane der.[11] Etter at han vart ferdig med studia, arbeidet han som sosialarbeidar att, men bestemte seg for å verta heltidsforfatter då han var midt i tjueåra.

The New York Times har kalla han «ein av dei mest feira og innverknadsrike britiske samtidsforfattarane i sin generasjon», og han er vorte nominert fire gonger til Bookerprisen.[12][13] Han vann prisen i 1989 for romanen The Remains of the Day (1989), som òg vart filmatisert i 1993 med Anthony Hopkins og Emma Thompson i hovudrollene. I 2008 rangerte avisa Times han på 32.-plass på si liste over «Dei 50 største britiske forfattarane sidan 1945».[14]I 2010 vart romanen hans Never Let Me Go (2005) filmatisert. Never Let Me Go vart òg kringkasta som fjernsynsserie i Japan i 2016.[15]

Prisar og utmerkingar

  • RSL Winifred Holtby Award, 1983, for A Pale View of Hills
  • Whitbread Book of the Year, 1986, for Kunstner i den flytende verden (engelsk An Artist of the Floating World)
  • Booker Prize, 1989, for Resten av dagen (engelsk The Remains of the Day)
  • Cheltenham Prize, 1995, for The Unconsoled
  • Booker shortlist, 2000, for Tilbake til Shangai (engelsk When We Were Orphans)
  • Nobels litteraturpris, 2017
  •  Offiser av Order of the British Empire, 1995
  • Riddar av l'Ordre des Arts et des Lettres, 1998
  • Æresdoktorgradar frå University of Kent, University of East Anglia og University of St. Andrews.[5]

Bibliografi

  • (1981) Tre noveller i Introduction 7: Stories by New Writers
  • (1982) A Pale View of Hills
  • (1984) A Profile of Arthur J. Mason
  • (1986) An Artist of the Floating World. – På norsk som Kunstner i den flytende verden, omsett av Kari og Kjell Risvik. (Cappelen, 1987)
  • (1987) The Gourmet
  • (1989) The Remains of the Day. – På norsk som Resten av dagen, omsett av Kari og Kjell Risvik. (Cappelen, 1990)
  • (1995) The Unconsoled. – På norsk som De utrøstelige, omsett av Kari og Kjell Risvik. (Cappelen, 1995)
  • (2000) When We Were Orphans. – På norsk som Tilbake til Shanghai, omsett av Kari og Kjell Risvik. (Cappelen, 2000)
  • (2003) The Saddest Music in the World
  • (2005) Never Let Me Go. – På norsk som Gå aldri fra meg, omsett av Kari og Kjell Risvik. (Cappelen, 2006)
  • 2005) The White Countess
  • (2009) Nocturnes. – På norsk som Nokturner: fem fortellinger om musikk og skumring, omsett av Kari og Kjell Risvik. (Cappelen, 2012)
  • (2015) The Buried Giant

Kjelder

Bakgrunnsstoff