Samtalerobot

Ein samtalerobot eller praterobot, engelsk chatbot,[1] er ein programvareapplikasjon som blir brukt til å gjennomføre ein nettprat via tekst eller tekst-til-tale. Samtalerobotar er dataprogram som er i stand til å halde oppe ein maskin-menneske-samtale med ein brukar på naturleg språk, forstå intensjonen deira og svare basert på førehandsinnstilte reglar og data. Systema er utforma for å simulere måten eit menneske ville oppføre seg som ein samtalepartnar.

Døme på moderne samtaleassistent

Samtalerobotar blir brukte til kundeservice, sortering og vidaresending av førespurnader, informasjonsinnhenting og liknande. Medan nokre applikasjonar bruker omfattande ordklassifiseringsprosessar, prosessorar med naturleg språk og sofistikert kunstig intelligens (KI), søkjer andre ganske enkelt etter generelle nøkkelord og genererer svar ved å bruke vanlege setningar henta frå eit tilknytta bibliotek eller database.

Mange moderne samtalerobotar er tilgjengelege i nettlesar, ofte via mindre dialogboksar, andre er utforma som virtuelle assistentar i eigne applikasjonar. Dei kan klassifiserast i brukskategoriar som handel, utdanning, underhaldning, finans, helse, nyhende og produktivitet.[treng kjelde]

Utvikling

ELIZA, samtalerobot frå 1966

Tidleg programvare med menneske-maskin samtaleeigenskapar er ELIZA frå 1966 og PARRY frå 1972. Nyare døme er A.L.I.C.E. frå 1995 som bygger på kunstig intelligens.[2][3] Medan ELIZA og PARRY berre vart brukte til å simulere maskinskriven samtale, inkluderer mange samtalerobotar no andre funksjonelle funksjonar, som spel og nettsøkevner.[treng kjelde]

Samtalerobotar kan bruke kunstig intelligens og naturleg språkhandsaming for å tolke spørsmåla og automatisere svar på dem for å simulere menneskelig samtale.[4] Ei spesialisering er språkmodellen generative pre-trained transformer (GPT) med ein type maskinlæringsmodell transformer. «Pre-training» i namnet refererer til den innleiande opplæringsprosessen på eit stort tekstkorpus som gir eit solid grunnlag for at modellen skal fungere godt på oppgåver med avgrensa mengder oppgåvespesifikke data. Eit døme på ein GPT-robot er ChatGPT frå 2022. Trass i kritikk av nøyaktigheita, har ChatGPT fått merksemd for dei detaljerte svara sine og historiske kunnskapar.[treng kjelde]

Døme på bruk i Noreg

Eit norsk selskap tilbyr kundane sine å utvikle samtalerobotar basert på deira KI-platform med språkmodellar. Statens lånekasse for utdanning prøvde ut ein slik samtalerobot i eit prosjekt i 2017 for hente inn informasjon frå eigne tilsette.[5]

Innenfor helsetenester finst til dømes Praterobot om svangerskapsdiabetes.[6]

Kjelder

Referansar

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Samtalerobot