Sergio Agüero

argentinsk fotballspelar

Sergio Leonel Agüero Del Castillo (fødd 2. juni 1988 i Buenos Aires) er ein argentinsk fotballspelar som i 2014 spela for Manchester City i engelsk Premier League og for det argentinske landslaget. Han var med på å vinna Europaligaen med Atlético Madrid i 2010. Med Manchester City har han vorte seriemeister i England i 2012 og 2014. Han var med på å vinna OL-gull med Argentina i 2008. I 2007 vart han kåra til årets unge fotballspelar av FIFA. Han vart toppskårar i U20-VM same året, ei turnering som Argentina vann. I 2011/12-sesongen vart han kåra til årets spelar i Manchester City.

Sergio Agüero
Personleg informasjon
Fullt namnSergio Leonel Agüero Del Castillo
KallenamnKun
Fødd2. juni 1988 (35 år)
FødestadBuenos Aires
Høgd173 cm
PosisjonAngrepsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Manchester City
Nummer16
Ungdomsklubbar
1997-2003Argentina Independiente
Seniorkarriere*
ÅrLagKampar (Mål)
2003-06
2006-11
2011-
Argentina Independiente
Spania Atlético Madrid
Manchester City
54 (23)
175 (74)
87 (52)
Landslag
2008
2006
Argentina Argentina OL-lag
Argentina Argentina
5 (2)
50 (21)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 3. juni 2014
‡ Landslagsmål oppdatert 3. juni 2014