Kirgisisk

Kirgisisk er eit tyrkisk språk som blir snakka i Kirgisistan og granneområde. Kirigisisk er eit offisielt språk i Kirgisistan, saman med russisk. Kirgisisk vert skrive med det kyrilliske alfabetet i Kirgisistan, og med ein versjon av det arabiske alfabetet i Kina. Det latinske alfabetet vart brukt mellom 1928 og 1940; etter at Kirgisistan vart eit sjølvstendig land var tanken om å gå tilbake til det latinske alfabetet populær blant einskilde politikarar, men desse tankane vart aldri sette ut i praksis.

Kirgisisk
кыргыз тили, кыргызча, قىرعىزچا, قىرعىز تىلى, kyrgyz tili, kyrgyzça
KlassifiseringAltaisk
 Tyrkisk
  Nordvesttyrkisk[1]
   Kirgisisk
Talararkirgisarar
Bruk
Tala i Kirgisistan
 Tadsjikistan
 Folkerepublikken Kina Xinjiang (Kina)
SkriftsystemDet kyrilliske alfabetet i Kirgisistan, Det arabiske alfabetet i Kina
Offisiell status
Offisielt språk i Kirgisistan
Språkkodar
ISO 639-1ky
ISO 639-2kir
ISO 639-3kir
Wikipedia på kirgisisk

Det kirgisiske alfabetet

Det kirgisiske alfabetet, eller alfabetet brukt til å skrive kirgisisk, har skifta i takt med sovjetisk språkpolitikk.

Fonologi

Vokalar

FremreBakre
urundarundaurundarunda
Lukkaи [i]ү [y]ы [ɯ]у [u]
Midе [e]ө [ø]o [o]
Openа [ɑ]

Konsonantar

LabialDental/
alveolar
Post-
alveolar
PalatalVelar/
Uvular
Nasalmnŋ~ɴ
Plosivp bt dk~q ɡ~ʁ
Affrikattʃ dʒ
Frikativf vs zʃ
Laterall~ɫ
Rullelydr
Approksimantj

Konsonantfonema /k/, /g/, og /ŋ/ blir realisert uvulart ([q], [ɢ], [ɴ]) i bakre kontekstar (framfor bakre vokal). I fremre omgjevnader er /g/ frikativisert mellom kontinuantar (til [ɣ]), og i bakre omgjevnader er både /k/ og /g/ frikativisert (til [χ] og [ʁ]). I tillegg er likviden /l/ realisert som dorsal /ɫ/ i bakre kontekstar.

Morfologi

Personbøying

Personbøyinga i kirgisisk bruker skylde suffiks på tvers av ordklasse:

Suffiks eller ordformer som viser person
pronomenkopulapresenspossessivsuffikspreteritum/kondisjonalisimperativ
1. sgмен-mIn-mIn-(I)m-(I)m-AyIN
2. sgсен-sIŋ-sIŋ-(I)ŋ-(I)ŋ—, -GIn
2. formell sgсиз-sIz-sIz-(I)ŋIz-(I)ŋIz-GIlA
3. sgал-t-(s)I(n)-sIn
1. plбиз-BIz-BIz-(I)bIz-(I)K-AyIK
2. plсилер-sIŋAr-sIŋAr-(I)ŋAr-(I)ŋAr
2. formell plсиздер-sIzdAr-sIzdAr-(I)ŋIzdAr-(I)nIzdAr
3. plалар-(I)şAt-(s)I(n)-sIn, -IşsIn

Kasus

Substantiv i kirgisisk er bøygd ikasus. Kasusendingane varierer avhengig av vokalharmoni og konsonantveksling.

KasusUnderliggjande formMoglege former"båt""luft""bøtte""hand""hovud""salt""auge"
Nominativкемеабачелекколбаштузкөз
Genitiv-NIn-нын, -нин, -дын, -дин, -тын, -тин, -нун, -нүн, -дун, -дүн, -тун, -түнкеменинабанынчелектинколдунбаштынтуздункөздүн
Dativ-GA-га, -ка, -ге, -ке, -го, -ко, -гө, -көкемегеабагачелеккеколгобашкатузгакөзгө
Akkusativ-NI-ны, -ни, -ды, -ди, -ты, -ти, -ну, -нү, -ду, -дү, -ту, -түкемениабанычелектиколдубаштытуздукөздү
Lokativ-DA-да, -де, -та, -те, -до, -дө, -то, -төкемедеабадачелектеколдобаштатуздакөздө
Ablativ-DAn-дан, -ден, -тан, -тен, -дон, -дөн, -тон, -төнкемеденабаданчелектенколдонбаштантузданкөздөн


Pronomen

Kirgisisk har åtte personlege pronomen:

Personlege pronomen
SingularPlural
Kirgisisk (translitterasjon)NorskKirgisisk (translitterasjon)Norsk
мен (Men)egБиз (Biz)We
сен (Sen)du (singular uformell)силер (siler)de (plural uformell)
сиз (Siz)du (singular formell)сиздер (sizder)Dykk (plural formell)
ал (al)han/ho/detалар (alar)dei

Pronomenbøyinga går fram av følgjande tabell. Eintalsformene (med unnatak av сиз, som opphavleg er ei fleirtalsform) har uregelrett bøying, dei andre formene er regelrette. Uregelrette former er sett i halvfeit.

Pronomebøying
SingularPlural
1.2. uf2. frm3.2. uf2. frm3.
Nomменсенсизалбизсилерсиздералар
Akkменисенисиздианыбиздисилердисиздердиаларды
Genменинсенинсиздинанынбиздинсилердинсиздердиналардын
Datмагасагасизгеагабизгесилергесиздергеаларга
Lokмендесендесиздеандабиздесилердесиздердеаларда
Ablменденсенденсизденанданбизденсилерденсиздерденалардан

Bakgrunnsstoff

Wikipediakirgisisk


Kjelder

Fotnotar
Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.