Kantonar i Sveits

administrativ inndeling i Sveits

Kantonane i Sveits er delstatar i den føderale staten Sveits. Historisk og fram til midten av 1800-talet var kvar kanton i den daverande konføderasjonen ein suveren stat, med sin eigen hær og valuta; den noverande føderale strukturen vart etablert i 1848.

Kart over kantonane i Sveits

Ifølgje konføderasjonsgrunnloven av 1999, er det offisielt 26 kantonar. Ved val til det nedste kammeret (Ständerat) i konføderasjonsparlamentet og ved røysting over føderale initiativ, reknar ein talet på statar (Stände) til 23. Landområda Unterwalden, Appenzell og Basel vart kvar rekna for å vere halvkantonar. Omgrepet halvkanton er fjerna, men kantonane i dei nemnde områda har ei røyst der andre kantonar har to. Unterwalden består av Obwalden og Nidwalden, Appenzell av Appenzell Ausserrhoden og Appenzell Innerrhoden, mens Basel er sett saman av Basel-Stadt og Basel-Landschaft.

På 1500-talet bestod den sveitsiske konføderasjonen av tretten sjølvstyrte statar. Desse statane vart kalla kantonar (også Stand, før også Ort), og det fanst to ulike typar kantonar: Dei seks landkantonane og dei sju bykantonane. Sjølv om dei teknisk sett var ein del av Det tysk-romerske riket, hadde dei nærast vorte uavhengige da sveitsarane sigra over keisar Maximillian I i 1499. Sjølvstendet vart erkjent gjennom freden i Westfalen i 1648.

Fram til 1798 var dei seks landkantonane demokratiske republikkar, mens dei sju bykantonane var styrt av byråd. Men både land- og bykantonane var kontrollerte av små oligarki av rike og mektige borgarar. Mellom bykantonane var Zürich, Bern og Basel.

Kvar kanton har sin eigen grunnlov, lovgjevande forsamling, regjering og dømmande makt. Den lovgjevande forsamlinga er i alle kantonane eit eittkammerparlament, storleiken varierer mellom femtiåtte og to hundre representantar. Nokre få lovgjevande forsamlingar er generalforsamlingar (Landsgemeinden). Dei kantonale regjeringane består av anten fem eller sju medlemmer. For namn på institusjonane deira, sjå Liste over lovgjevande og utøvande makt i kantonane i Sveits.

Alle oppgåver som etter den sveitsiske grunnloven ikkje eksplisitt vedkjem konføderasjonen, er oppgåver som høyrer til kantonane. Kantonane bestemmer sjølv i kor stor grad kommunane skal kunne styre seg sjølv, noko som derfor varierer mykje. Storleiken på kantonane spenner vidt: frå berre 37 til 7 105 km2; folketalet varierer frå 14 900 til 1 244 400.

I kantonale saker, er det direkte demokratiet i form av generalforsamlingar (Landsgemeinde) no avgrensa til kantonane Appenzell Innerrhoden og Glarus. I dei andre kantonane blir dei demokratiske rettane uttrykt gjennom val. Sidan kantonen Jura vart oppretta i 1978 har det ikkje vorte oppretta nokon nye kantonar.

Liste over kantonane

Tabellen nedanfor listar opp kantonane i same rekkefølgje som i konføderasjonsgrunnloven.

FlaggFork.KantonSidanHovudstadFolketal1Areal2Folke­tettleik3Tal på kommunar1Offisielle språk
Kantonflagg
ZH  Zürich1351Zürich1 228 6001 729701171tysk
Kantonflagg
BE  Bern/Berne1353Bern947 1005 959158399tysk, fransk
Kantonflagg
LU  Luzern1332Luzern350 6001 493233107tysk
Kantonflagg
UR  Uri1291Altdorf35 0001 0773320tysk
Kantonflagg
SZ  Schwyz1291Schwyz131 40090814330tysk
Kantonflagg
OW  Obwalden1291Sarnen32 700491667tysk
Kantonflagg
NW  Nidwalden1291Stans38 60027613811tysk
Kantonflagg
GL  Glarus1352Byen Glarus38 3006855128tysk
Kantonflagg
ZG  Zug1352Zug100 90023941611tysk
Kantonflagg
FR  Fribourg/Freiburg1481Fribourg239 1001 671141242fransk, tysk
Kantonflagg
SO  Solothurn1481Solothurn245 500791308126tysk
Kantonflagg
BS  Basel-Stadt [Basel by]1501Basel186 700375 0723tysk
Kantonflagg
BL  Basel-Landschaft [Landskapet Basel]1501Liestal261 40051850286tysk
Kantonflagg
SH  Schaffhausen1501Schaffhausen73 40029824634tysk
Kantonflagg
AR  Appenzell Ausserrhoden1513Herisau453 20024322020tysk
Kantonflagg
AI  Appenzell Innerrhoden1513Appenzell15 000173876tysk
Kantonflagg
SG  St. Gallen1803St. Gallen452 6002 02622290tysk
Kantonflagg
GR  Graubünden/
Grischun/Grigioni
1803Chur185 7007 10526211tysk, retoromansk, italiensk
Kantonflagg
AG  Aargau1803Aarau550 9001 404388232tysk
Kantonflagg
TG  Thurgau1803Frauenfeld5228 20099122980tysk
Kantonflagg
TI  Ticino1803Bellinzona311 9002 812110244italiensk
Kantonflagg
VD  Vaud1803Lausanne626 2003 212188382fransk
Kantonflagg
VS  Valais/Wallis1815Sion278 2005 22453160fransk, tysk
Kantonflagg
NE  Neuchâtel1815Neuchâtel166 50080320662fransk
Kantonflagg
GE  Genève1815Genève414 3002821 44245fransk
Kantonflagg
JU  Jura1979Delémont69 1008388283fransk
Det sveitiske flagget
CHSveitsBern7 261 20041 2851742 890tysk, fransk, italiensk, retoromansk

Fotnoter: 1 Den 31. desember 2001  Nasjonalstatistikk  2 km²  3 per km²  basert på folketalet i 2000 4 setet for regjeringa og parlamentet; setet for kantonsdomstolen er Trogen 5 setet for parlamentet er Frauenfeld og Weinfelden

Tobokstavsforkortingane for sveitsiske kantonar er mykje brukt, til dømes på bilskilt og i ISO 3166-2-kodar med prefikset «CH-» – til dømes CH-SZ for kantonen Schwyz.

Bakgrunnsstoff